Etteroppgjer for uførepensjon 2016

Frå og med veke 43 gjennomfører Statens pensjonskasse etteroppgjer for uførepensjon for inntektsåret 2016.

Som ein del av dei nye reglane for offentleg uførepensjon som blei innførte frå og med 2015, skal Statens pensjonskasse gjennomføre eit årleg etteroppgjer når skatteoppgjeret er klart.

Kva er etteroppgjer?

SPK bereknar og utbetaler uførepensjon basert på informasjon om kva du forventar å tjene. Dette er informasjon vi får frå arbeidsgivar eller deg som er pensjonsmottakar.

Nå når skatteoppgjeret er klart, sjekkar vi om du har fått riktig uførepensjon ut frå den inntekta du faktisk har hatt samtidig med uførepensjon i 2016. Har du fått for mykje eller for lite pensjon, får du eit etteroppgjer.

Vi informerer via brev og e-post

Hvis du har motteke uførepensjon frå SPK i 2016, og du har hatt - eller meldt at du skal ha - inntekt ved sidan av uførepensjonen, vil du i løpet av hausten få brev eller e-post frå oss med informasjon om etteroppgjeret. Dei fyrste mottek informasjon frå oss 24. oktober.

Vi kan dessverre ikkje informere om resultatet før du har fått brev eller e-post frå oss. 

Nav gjennomfører eige etteroppgjer

Mottar du uføretrygd frå folketrygda, gjennomfører NAV eige etteroppgjer.