Startar arbeidet med ny offentleg tenestepensjon

Arbeids- og sosialdepartementer er samde med partane i arbeidslivet om å starte ein avsluttande prosess med sikte på å fastsette ei pensjonsløysing for offentleg tilsette.

Ei arbeidsgruppe med partane har hatt sitt første møte, og målet er å legge siste hand på ei avtale innan 1. mars skriv Arbeids- og sosialdepartementet i ei pressemelding.

Administrerande direktør i Statens pensjonskasse, Finn Melbø, er glad for at prosessen er i gang.

- Vi har mange medlemar som venter på å få vite kva dei får i pensjon. For dei hastar det å få avklaringar. Derfor er eg glad for at dette arbeidet med å fullføre pensjonsreforma no er i gang, seier han.