Vartpenge­ordninga fasa ut frå 1. mars 2016

Statens ventelønnsordning og vartpengeordninga i Statens pensjonskassa blir fasa ut frå 1. mars 2016. For verksemder som ikkje tidlegare har søkt om og blitt fritekne frå vartpengeordninga, betyr dette at tilsette som blir sagde opp etter denne datoen ikkje lenger vil ha krav på vartpengar. Dei som allereie mottek vartpengar, vil fortsetje å motta vartpengar som før.

Det var Stortinget som i haust vedtok å fase ut statens ventelønnsordning og vartpengeordninga i Statens pensjonskasse. Arbeidstakarar kjem i framtida ikkje til å ha rett til desse ytingane, men blir i staden viste til den alminnelege dagpengeordninga. Samtidig blei det foreslått ei overgangsordning slik at dei som allereie får ventelønn og vartpengar ikkje blir råka av opphevinga.

Regjeringa har no sanksjonert Stortingets vedtak og vedteke at ordningane skal fasast ut frå 1. mars 2016.