Si meininga di om Statens pensjonskasse

I desse dagar gjennomfører vi ei brukarundersøking blant eit stort utval av medlemene våre. Har du fått ein e-post frå oss, håper vi du vil setje av nokre minutt til å gi oss viktige tilbakemeldingar.

Vi i Statens pensjonskasse er opptekne av at medlemene våre skal vere fornøgde med tenestene vi tilbyr. Dine tilbakemeldingar er viktige og vil hjelpe oss med forbetre og vidareutvikle tenestene våre.

Undersøkinga blir gjennomført i november gjennom samarbeidspartnaren vår Rambøll Management Consulting. Du er garantert anonymitet og vi publiserer ikkje resultat frå undersøkinga som inneber at personar kan identifiserast.