Regulering av grunnbeløpet og pensjon frå 1. mai 2016

Grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 90 068 til 92 576 kroner frå 1. mai 2016. Dette er ein auke på 2 508 kroner, som svarar til 2,78 prosent.

Regjeringa og organisasjonane har drøfta talgrunnlaget for årets regulering av folketrygdas grunnbeløp og pensjonar frå 1. mai 2016.

Du som har uførepensjon eller etterlatnepensjon før fylte 67 år, får ein auke i pensjonen på 2,78 prosent.

Pensjonsreguleringa blir lågare for deg som mottek alderspensjon, AFP eller særalderspensjon fordi det blir trekt 0,75 prosent etter lønnsvekstreguleringa. Du vil få ein auke i pensjonen på 2,01 prosent. Dette gjeld også deg som har etterlatnepensjon etter fylte 67 år.

I juli vil Statens pensjonskasse ha rekna om dei aller fleste pensjonane i samsvar med det nye grunnbeløpet. Samtidig vil etterbetalinga for mai og juni vere klar. Dei pensjonane som ikkje er rekna om i juli måned, blir behandla fortløpande - og etterbetalinga gjeld frå mai måned.