Auka minste pensjonsnivå til einslege alders­pensjonistar i folketrygda

Frå 1. september 2016 auka minste pensjonsnivå for einslege alderspensjonistar i folketrygda med 4 000 kroner per år. Dei som har tenestepensjon i SPK vil kunne oppleve at pensjonen frå SPK blir lågare fordi pensjonen frå folketrygda blir høgare.

Det auka minste pensjonsnivået kan føre til at nokre får eit minstenivåtillegg, eller at minstenivåtillegg blir auka for dei som allereie mottek det. Nokre alderspensjonistar vil også kunne få pensjonstillegg Pensjons­tillegg/ særtillegg Har du hatt låg eller inga opptening av tilleggspensjon i folketrygda, får du også pensjonstillegg eller særtillegg. Mer om Pensjons­tillegg/ særtillegg , eller dei kan få ei endring i dei pensjonstillegga dei har frå før. Særtillegg blir ikkje endra.

Både særtillegg, pensjonstillegg og minstenivåtillegg er samordningspliktige ytingar. Samordningsreglane gjer at dei som har tenestepensjon i SPK vil kunne oppleve at pensjonen frå SPK blir lågare fordi pensjonen frå folketrygda blir høgare.