Renteendring 1. mars 2015

Påslaget i normrenta aukar frå 1,25 til 1,65 prosentpoeng frå 1. mars 2015. Rentesatsen for bustadlån i SPK frå 1. mars blir 2,9 prosent.

I hovudtariffavtalen i staten framgår det at bustadlån kan ytast med inntil 1,7 millionar kroner. Øvre lånegrense er eit forhandlingsspørsmål, medan renta følgjer normrenta. Normrenta er den lågaste renta arbeidsgivar kan gi på lån til arbeidstakar utan at arbeidstakar skal bli skatta for ein fordel. Normrenta blir fastsett med utgangspunkt i den effektive renta på 0-3 månaders statskassevekslar med eit påslag. Det er dette påslaget som aukar med 0,4 prosentpoeng til 1,65 prosentpoeng frå 1. mars.

Slik blir renta rekna ut

Vanleg bankrente til bustadlån ligg i snitt på over 3 prosent, og det betyr at SPKs rente framleis vil vere gunstig.

Gå til bustadlån

 

Rentegraf 3. kvartal 2014

Figuren syner forskjellen mellom den gjennomsnittlege renta på bustadlån hos oss og i bankar. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå, og er oppdatert til og med 3. kvartal 2014.