Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Ny pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer

Alderspensjonen i den nye ordninga er basert på same prinsipp som ny alderspensjon i folketrygda. Frå lova trådde i kraft 1. januar 2012 gjev alle år på Stortinget eller i Regjeringa pensjonsopptening.

Frå 2012 tener stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer opp tenestepensjonen i ei  pensjonsbehaldning Pensjonsbeholdning Pensjonsbeholdningen er totalsummen som alderspensjonen fra folketrygden beregnes ut fra. Mer om pensjonsbehaldning lukk der alle år på Stortinget eller i regjeringa tel. Det betyr at jo større pensjonsbehaldninga er, dess høgare vert pensjonen.  

Du kan ta ut pensjonen fleksibelt frå 62 til 75 år. Dette er òg i tråd med prinsippa i den nye alderspensjonen frå folketrygda. 

Nettoordning

Alderspensjonen i denne nye ordninga vert rekna ut som ei nettoyting. Det tyder at tenestepensjonen kjem i tillegg til andre pensjonar, og at den ikkje vert samordna Samordning Pensjonen fra Statens pensjonskasse og andre offentlige tjenestepensjonsordninger skal samordnes med ytelser fra folketrygden. Samordning foregår ved at folketrygdens ytelser ubetales i sin helhet, mens tjenestepensjonen reduseres. Mer om samordna lukk med andre ytingar. Dette vert òg kalla ei påslagsordning eller ein byggeklossmodell.

Fleire detaljar om den nye ordninga:

  • Du får pensjonsopptening av inntekter opp til 12 G.
  • Pensjonen skal levealdersjusterast Levealdersjustering Fra 2011 skal den opptjente pensjonen din fordeles på det antall år du forventes å leve. Mer om levealdersjusterast lukk .
  • Pensjonen skal regulerast Regulering av pensjon Pensjonsrettighetene dine reguleres hvert år slik at de opprettholder verdien over tid. Fra 2011 ble det innført ny regulering, som tar utgangspunkt i lønnsveksten i samfunnet. Mer om regulerast lukk .
  • Du beheld tidlegare opptente rettar. Det gjeld òg rettar etter 75-årsregelen, men vidare opptening etter denne regelen er ikkje mogleg etter 1. januar 2012. Dei som held fram i politiske verv, kan derfor få betalt ut pensjon dels etter ny og dels etter gammal ordning.
  • Summen av pensjon i gammal og ny ordning skal ikkje kunne verte høgare enn om all opptening hadde skjedd i gammal ordning.      

Ny eller gammal ordning? 

Den nye lova trådde i kraft 1. januar 2012, med ulike overgangsordningar. Stortingsrepresentantar som har under tre års opptening før 1. oktober 2009, får all opptening etter ny ordning. Regjeringsmedlemmer som har under tre års opptening per 1. januar 2012, får all opptening etter ny ordning.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss på telefon

02775

eller bruk vårt kontaktskjema. Du kan også logge inn på Min side.



Du er kanskje også interessert i ...

Sist oppdatert: 13.09.2012