Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Samfunnsoppdraget vårt

Statens pensjonskasse forvaltar pensjonsrettar til ein verdi av 384 milliardar kroner for 990 000 tilsette og tidlegare tilsette i 1600 verksemder.

Vi er ei forvaltningsbedrift som er ått av Arbeids- og sosialdepartementet. I tillegg til tenestepensjonsordninga, administrerer vi gruppelivsordninga, yrkesskadeforsikring og enkelte andre personskadeerstatningsordningar på vegner av staten.

Samfunnsoppdraget vårt er å forvalte pensjonsrettane til nesten éin million medlemmer på felleskapens vegner.

Statens pensjonskasse skal samstundes vere ein trygg, føreseieleg og kostnadseffektiv samarbeidspartnar for våre 1 600 kundar.

Vi har eit styre som først og fremst fungerer som ei fagleg nemnd.

Mange samarbeidspartnarar

Utbetaling og endring av pensjonar krev samarbeid med folketrygda (NAV) og andre pensjonsordningar.

Overføringsavtalen Overføringsavtalen Har du vært medlem av flere offentlige tjenestepensjonsordninger, vil en egen overføringsavtale sikre at de ulike periodene blir slått sammen. Mer om Overføringsavtalen lukk inneber at personar med fleire offentlege tenestepensjonar får utbetalt pensjon frå den pensjonsordninga dei var medlem av då dei pensjonerte seg. Det fordrar tett samarbeid og utveksling av data mellom oss, NAV, KLP og andre pensjonsleverandørar.

Utbetaling via NAV

NAV er «utbetalingsbanken» vår. Det tyder at vi sender utbetalingsdataa våre til NAV, som står for den faktiske utbetalinga på vegner av oss.

Under ser du ein figur som illustrerer rolla vår i samfunnet. Sjå stor figur.

Illustrasjon av Statens pensjonskasse si rolle i samfunnet.

Departementet skiftet navn fra Arbeidsdepartementet til Arbeids- og sosialdepartementet 01.01.2014.

Du er kanskje også interessert i ...

Sist oppdatert: 09.01.2014