Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Frå vedtak til røynd

1. januar 2011 vart pensjonsreforma ein realitet. I Statens pensjonskasse har 175 personar jobba på spreng i fleire år for å få det til – og arbeidet er ikkje over.

Når politikarane gjer eit vedtak, er det nokre som må ta jobben med å setje konsekvensen av vedtaket ut i livet. Då Stortinget i mai 2005 bestemte at Noreg skulle få ei ny pensjonsordning, fekk det store konsekvensar for Statens pensjonskasse.

Éin milliard kroner

I 2008 etablerte vi prosjektorganisasjonen Perform, med 75 av våre eigne folk og 100 eksterne konsulentar. Fram mot 01.01.2011 jobba desse 175 personane med å byggje nye samhandlingsløysingar mot NAV og eit heilt nytt saksbehandlingssystem for å handtere det nye regelverket.

I 2012 jobbar vi med nytt saksflytsystem og nye arbeidsprosessar som vil gjere Statens pensjonskasse til ein enda betre og meir effektiv leverandør.

Prosjektet er eit av dei største IT- og omstillingsprosjekta i offentleg sektor – og prislappen er éin milliard kroner.

Mange ukjende faktorar

Skal vi skjøne omfanget av pensjonsreforma, må vi hugse at dette er den største reforma i offentleg sektor sidan folketrygda vart innførd i 1967. Ho handlar om endringar i både folketrygda og den offentlege tenestepensjonen – og om samhandlinga mellom desse.

Vi snakkar altså om ulike endringar i ulike ordningar som slår ulikt ut på ulike årskull. Og det var berre dei overordna prinsippa som var klare då vedtaket om pensjonsreforma vart gjort i Stortinget i 2005.

Då Perform vart etablert i 2008, stod det framleis att mange politiske avklaringar. Mykje av arbeidet med å byggje ny saksbehandlingsløysing måtte altså skje før reglane som løysinga skulle byggjast for, var bestemte.

Meir enn eit IT-prosjekt

Utsetjingar av politiske vedtak har skapt utfordringar. Det er òg utfordrande for ein liten organisasjon å drive eit så gigantisk prosjekt – samtidig som den daglege drifta skal gå sin gang.

Det var tidleg klart for oss at tilpassing til nye pensjonsreglar var noko langt meir enn eit tradisjonelt IT-prosjekt. Det har vore svært viktig å ha fagfolk frå ulike delar av organisasjonen tungt inne både under utviklinga, testinga og innføringa av dei nye systema. Derfor valde vi ha heile 75 SPK-arar i prosjektet på heil- eller deltid.

Når 75 personar forsvinn frå linja, må dei erstattast. Men når prosjektet var over, gjekk dei tilbake til sine opphavlege jobbar, og Statens pensjonskasse gjekk tilbake til ordinær drift. Det seier seg sjølv at det var ei organisatorisk og administrativ nøtt å bestemme korleis prosjekt og linje skulle dele på dei mest erfarne fagfolka våre.

Samtidig ser vi at arbeidet med pensjonsreforma har gitt oss eit gyllent høve til å sjå på alle arbeidsprosessane våre med nye auge – og gjere fornuftige omorganiseringar. Dermed har Perform blitt eit IT- og endringsprosjekt.

Vi rakk 01.01.2011

I oktober 2010 leverte prosjekt Perform nytt saksbehandlingssystem på ny teknisk plattform over til linja – som fikk grundig opplæring. 3370 kurstimar vart gjennomførde og 35 000 ark med opplæringsmateriell vart produserte.

Då pensjonsreforma tok til å gjelde frå nyttårsskiftet, var organisasjonen klar til å rekne ut og betale ut etter nytt regelverk – på dei områda der reglane er fastsette. Det vil seie for alle som er fødde i åra 1944–1953. Regelverket for deg som er fødd i 1954 eller seinare, er ikkje vedteke.

I mål 01.01.2012

Prosjekt Perform varte til 01.01.2012 – altså eit år etter at dei nye pensjonsreglane tok til å gjelde. Dette året vart brukt til å optimalisere dei nye systema og arbeidsprosessane våre og gjere Statens pensjonskasse til ein endå betre og meir effektiv leverandør av offentleg tenestepensjon – både for kundane våre og for samfunnet.

Sist oppdatert: 14.09.2012