Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Verksemder som kan takast opp i Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse er hovudsakleg for tilsette i staten og lærarar i det offentlege skuleverket. Private verksemder kan likevel i nokre tilfelle verte kundar.

Pensjonsordninga i Statens pensjonskasse er ei kollektiv ordning. Det tyder at dersom ei verksemd har den kollektive pensjonsordninga si hos oss, og den tilsette oppfyller vilkåra for medlemskap, har den tilsette både rett og plikt til medlemskap.

Kan alle søkje?

Kvar enkelt verksemd som søkjer om å verte kunde vert vurdert, men sentrale retningsliner og praksis gjev likevel ei føring på kva for verksemder som kan takast opp i Statens pensjonskasse. Informasjonen under er berre meint som ei orientering, og gjev ingen automatisk rett til å takast opp.

Utskilte og fristilte verksemder frå staten

Statlege verksemder som endrar organisasjonsform vil som hovudregel kunne takast opp i Statens pensjonskasse. Dette gjeld særleg verksemder som vert skilde ut eller fristilte frå staten. Verksemda må framleis vere knytt til staten. Ved oppretting av aksjeselskap må staten eige minst 50 prosent.

Konsern - dotterselskap

Når ein privat kunde med pensjonsordning i Statens pensjonskasse opprettar eit dotterselskap, vil slike dotterselskap normalt kunne takast opp når kundens eigardel i selskapet er større enn 50 prosent.

Forsking

Verksemder som driv eiga forsking, og har forsking som primært siktemål, vil som hovudregel kunne takast opp i Statens pensjonskasse. Ei verksemd som ikkje driv eiga forsking eller hovudsakleg har eit kommersielt føremål, vil i utgangspunktet ikkje verte teken opp som kunde.

Utdanningsinstitusjonar

Private høgskular med parallellar med offentlege universitet og høgskular, kan som hovudregel verte tekne opp i Statens pensjonskasse. Verksemder som studieforbund og vaksenopplæring vil i utgangspunktet ikkje verte tekne opp.

Private grunn- og vidaregåande skular

Private grunn- og vidaregåande skular som er godkjende etter privatskulelova, har parallellar til det offentlege skuleverket og mottek offentleg tilskot, vil som hovudregel kunne takast opp i Statens pensjonskasse.

Skular som ikkje har parallellar til det offentlege skuleverket, vil i utgangspunktet ikkje verte tekne opp. Dette kan vere skular som har ein avgrensa fagkrins, eller ein annan fagkrins enn det offentlege skuleverket.

Prestar

Prestar som ikkje er statleg tilsette i Den norske kyrkja, kan i nokre tilfelle få medlemskap. Dette gjeld prestar i privat geistleg verksemd innanfor trusgrunnlaget til Den norske kyrkja. Det gjeld òg for prestar som tenestegjer i Den norske kyrkja, og som får løna si finansiert av ikkje-statlege midlar.

Andre private verksemder

Andre private verksemder vil ikkje verte tekne opp i Statens pensjonskasse med mindre det ligg føre heilt særskilde grunnar for det.

Kristne, humanitære og ideelle verksemder vil berre unntaksvis kunne takast opp i Statens pensjonskasse. Det same gjeld for ulike interesseorganisasjonar og foreiningar. Ei sentral vurdering vil vere om verksemda er nært knytt til staten, eller ei verksemd som allereie er teken opp.

Museum og andre kulturinstitusjonar vil som hovudregel ikkje verte tekne opp. Helse- og rehabiliteringsinstitusjonar vil som hovudregel heller ikkje verte tekne opp.

Reine forretningsmessige statlege verksemder og verksemder med kommunal tilknyting vert ikkje tekne opp.

Slik søkjer verksemda

Søknad skal sendast til Statens pensjonskasse, som førebur saka og sender den til Arbeidsdepartementet (AD). Departementet vurderer saka konkret, og tek ei avgjersle.

Har de spørsmål?

Viss de treng fleire opplysningar om moglegheitene for å takast opp som kunde i Statens pensjonskasse før de sender ein eventuell søknad, kan de ta kontakt med oss på telefon 02775.

Her kan du laste ned søknad om medlemskap

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss på telefon

02775


eller bruk vårt kontaktskjema.

 

Sist oppdatert: 25.10.2012