Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Delvis AFP

Dersom du kan tenkje deg å trappe ned, men ikkje ønskjer å pensjonere deg fullt ut med ei gong, kan du ta ut delvis AFP.

Både tilsette i full stilling og tilsette i deltidsstilling kan ta ut AFP så sant den gjenverande stillinga utgjer minst 60 prosent av full stilling. Ver likevel merksam på at den nedre grensa for uttak av AFP er 10 prosent.

Storleiken på pensjonen

Storleiken på pensjonen vert fastsett ut frå kor mykje den framtidige pensjonsgjevande inntekta kjem til å utgjere samanlikna med tidlegare pensjonsgjevande inntekt. Dersom ny inntekt til dømes utgjer 67 prosent av tidlegare inntekt, tilsvarer utbetalt pensjon 33 prosent av full pensjon. All pensjonsgjevande inntekt verkar inn på pensjonen.

Utrekning av pensjonsgraden skjer slik:

(Framtidig forventa inntekt / tidlegare pensjonsgjevande inntekt) x 100 = X

Vi stryk desimalane og reknar med heile prosent. Pensjonsgraden er lik 100 - X.

Redusert AFP vert fastsett ved at full AFP vert multiplisert med pensjonsgraden.

Tidlegare pensjonsgjevande inntekt vert fastsett ut frå gjennomsnittleg arbeidsinntekt dei tre beste av dei fem inntektsåra som ligg føre året før det året du tek ut AFP. Det er NAV som rekner ut tidlegare inntekt.

Døme

Per har teke ut AFP, men forventar å tene litt på småjobbar det komande året. Forventa framtidig inntekt er 75 000 kroner. Tidlegare inntekt er fastsett av NAV til 425 000 kroner. Pensjonsgraden til Per vert rekna ut slik: (75 000/425 000) x 100 = 17,64. 100 - 17 = 83. Per sin pensjonsgrad er 83.

Konsekvensar for pensjonsgrunnlaget hos oss

Ver merksam på at dersom du tek ut delvis AFP, vil din framtidige heile AFP (ved 65 år) og alderspensjon verte rekna ut etter eit kombinert gjennomsnittleg pensjonsgrunnlag Pensjonsgrunnlag Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekten det er trukket pensjonsinnskudd av og som pensjonen skal beregnes ut fra. Mer om pensjonsgrunnlag lukk .

Pensjonsgrunnlaget vert då basert både på den løna du hadde då du tok ut delvis pensjon (oppregulert i takt med grunnbeløpet i folketrygda Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygden, som vi ofte kaller G, justeres en gang i året og er 85 245 kroner per 01.05.2013. Mer om grunnbeløpet i folketrygda lukk ), og den løna du har når du tek ut alderspensjon eller AFP for resten av stillinga. Resultatet er derfor avhengig av fleire faktorar: den generelle lønsutviklinga, reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda og di eiga løns- og karriereutvikling i tidsromet mellom delvis og heil pensjonering.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss på telefon

02775

eller bruk vårt kontaktskjema. Du kan også logge inn på Min side.



Ord og uttrykk om pensjon

Sist oppdatert: 25.03.2014