Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Tidlegare medlem

Dersom du tidlegare har vore medlem i Statens pensjonskasse, kan du ha opparbeidd deg rett til ein framtidig pensjon frå oss. Dette kallar vi ein oppsett pensjon.

Du kan ha rett til oppsett uførepensjon dersom du

  • slutta i stillinga med rett til medlemskap etter 01.01.1967, og
  • har minst tre års samla opptening i Statens pensjonskasse (og eventuelt andre offentlege tenestepensjonsordningar), og
  • har fått uførepensjon (eller tidsavgrensa uførestønad) frå folketrygda.

Du har ikkje rett til oppsett uførepensjon i Statens pensjonskasse mens du mottek arbeidsavklaringspengar frå folketrygda.

Slik søkjer du om oppsett uførepensjon

Du må melde frå til oss dersom du får innvilga uførepensjon i folketrygda. Vi ber deg derfor sende inn skjema for oppsett uførepensjon når du mottek vedtaksbrev om uførepensjon frå folketrygda. Du må leggje kopi av vedtaksbrev/pensjonsbrev frå NAV ved søknaden.

Slik blir oppsett uførepensjon berekna

Dersom du får innvilga oppsett uførepensjon frå oss, vil pensjonen bli berekna ut frå dei rettane du opparbeidde deg da du var medlem.

Den pensjonsgivande oppteningstida vil bli rekna etter forholdet mellom faktisk oppteningstid og kor mange år du teoretisk sett kunne ha fått ved å arbeide heilt fram til aldersgrensa. Det kan maksimalt bli 40-delar i nemnaren og minimum 30-delar.

Graden på den oppsette pensjonen blir den same som uførepensjonen frå folketrygda.

Eksempel

Lise er 47 år og tidlegare medlem av Statens pensjonskasse. Ho er innvilga 100 prosent uførepensjon frå folketrygda og har no søkt oppsett uførepensjon frå Statens pensjonskasse.

Lise starta i stillinga med medlemskap i Statens pensjonskasse i 1989.

Årleg pensjon blir*:

400 000 x 66 % x 10/40 = 66 000 kroner

*Før  samordning Samordning Pensjonen frå Statens pensjonskasse er ein tenestepensjon og skal samordnast med alderspensjonen frå folketrygda. I praksis betyr det at pensjonen frå Statens pensjonskasse blir redusert med eit såkalla samordningsfrådrag. Meir om samordning lukk med folketrygda.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 27.06.2011