Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Overgang til alderspensjon

Uførepensjonen skal reknast om til alderspensjon frå månaden etter at du når aldersgrensa for stillinga di.

Uførepensjon blir normalt berekna etter den stillingsstorleiken du har når du blir ufør. Alderspensjonen blir berekna som gjennomsnitt av dei 30 beste åra med oppteningstid. Dersom stillingsstorleiken da vi berekna uførepensjon er ulik Meir om lukk , skal pensjonen reknast om ved overgang til alderspensjon.

For dei fleste vil det ikkje bli noka endring i pensjonen frå aldersgrensa. Andre kan få ein auke eller reduksjon av pensjonen, avhengig av gjennomsnittleg stillingsstorleik.

Pensjonen vil også bli omrekna dersom du har hatt uførepensjon berekna etter yrkesskadefordel eller du har hatt vesentleg høgare lønn tidlegare i karrieren.

Når du blir 67 år

Når du blir 67 år, må du søkje om alderspensjon frå folketrygda. For at vi framleis skal kunne utbetale uførepensjon, er det viktig at du frå fylte 67 år mottek alderspensjon frå folketrygda i minst same prosentdel som du har uførepensjon frå oss.

Når det nærmar seg aldersgrensa

Uførepensjon frå oss blir rekna om til alderspensjon ved aldersgrensa for stillinga. Dei fleste stillingar har 70 års aldersgrense, men det er også ein del som har lågare aldersgrense, såkalla gjennomsnittleg stillingsstorleik. Stillingsstorleik Meir om gjennomsnittleg stillingsstorleik. lukk

Du treng ikkje søkje for å få pensjonen hos oss omrekna til alderspensjon.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 29.02.2012