Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Inntekt og uførepensjon

Alle tilsettingsforhold kan ha innverknad på uførepensjonen. Dette gjeld også arbeidsforhold under minstegrensa for rett til medlemskap.

Den enkelte uførepensjonisten har ei sjølvstendig opplysningsplikt ved endringar i arbeidsinntekta.

Korleis påverkar inntekt pensjonen frå Statens pensjonskasse?

Formålet med uførepensjon er å kompensere for bortfall av inntekt på grunn av uførleik. Hovudregelen er derfor at uførepensjonar skal reduserast ved ny eller høgare arbeidsinntekt.

Tilfeldig inntekt

Uførepensjonistar kan i enkelte tilfelle likevel ha ei viss arbeidsinntekt utan at pensjonen blir påverka. Slik friinntekt er berre knytt til tilfeldig arbeid, som ikkje gir rett til medlemskap i Statens pensjonskasse eller andre offentlege pensjonsordningar.

Kva er tilfeldig inntekt?

  • Enkeltståande timar, her òg vikartimar, ekstravakter som ikkje er knytte til noka form for heilt/delvis arbeidsforhold.
  • Enkeltståande og klart tidsavgrensa arbeidsoppdrag.
  • Konkret, kortvarig arbeidsoppgåve som ikkje indikerer betra restarbeidsevne.
  • Arbeid som er sporadisk utan at det ligg noko regelmessig i det.

Dersom inntekta skriv seg frå tilfeldig arbeid, gjeld ei friinntektsgrense tilsvarande  grunnbeløpet i folketrygda Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 82 122 kroner per 01.05.2012. Meir om grunnbeløpet i folketrygda lukk (G). Friinntektsgrensa er lågare ved delvis uførepensjon under 50 prosent.

Gjeld tilfeldig inntekt for alle?

  • Mottek du arbeidsavklaringspengar frå folketrygda, er det inga friinntekt, uansett om inntekta er tilfeldig eller fast.
  • Dersom du har kombinert uførepensjon og vartpengar eller ventelønn, er det heller inga friinntekt.

Ordninga med friinntekt i tillegg til uførepensjon kan tidlegast nyttast eitt år etter startdato eller endringsdato for uførepensjonen. Denne avgrensinga gjeld ikkje for godtgjering for politiske verv eller tillitsverv i frivillige organisasjonar.

Kva skjer dersom pensjonen blir redusert?

Ver merksam på at du som uførepensjonist ikkje mistar sjølve retten til uførepensjon med ein gong, dersom utbetalinga tek slutt heilt eller delvis fordi friinntektsgrensa blir overskriden. Retten består i inntil fem år, men avgrensa til den perioden pensjonen er innvilga for.

Opplysningsplikt

Det er viktig at du gir beskjed til Statens pensjonskasse om alle endringar i arbeidsinntekt. Du må vere spesielt merksam på at det ikkje er nok berre å gi melding til NAV.

Dersom du får utbetalt for mykje pensjon fordi du ikkje har retta deg etter denne opplysningsplikta, vil vi krevje pengane tilbakebetalt. Det same gjeld dersom du burde ha forstått at pensjonen blei utbetalt med for høgt beløp.

Friinntektsgrensa i folketrygda

Statens pensjonskasse og folketrygda har ulike reglar for korleis arbeidsinntekt påverkar pensjonen. Folketrygda si grense for inntekt ved sida av uførepensjon er 1 G. Dersom det blir gitt arbeidsavklaringspengar er det inga friinntekt. Dersom du vil vite meir om folketrygda sine reglar for pensjon og inntekt, kan du sjå www.nav.no.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 29.06.2011