Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Uførepensjon - stortingsrepresentantar

For å få rett til uførepensjon må du ha delteke i minst tre ordentlege storting, og kvart av desse må ha vart i minst seks månader.

I tillegg må du oppfylle vilkåra i kapittel 12 i folketrygdlova. Etter desse føresegnene er det mellom anna eit vilkår at du har fått nedsett arbeidsevne på grunn av varig sjukdom eller skade. I utgangspunktet er det òg eit vilkår at du har gjennomført føremålstenleg behandling og attføring.

Oppteningstid

Viss du vert ufør i en valperiode, reknar vi ut pensjonen på grunnlag av det talet på storting du ville ha rukke å delta i fram til pensjonsalder (65 år). Det same gjeld for vararepresentantar som har fungert i minst seks månader.

Utrekning av pensjonen

  • Grunnlaget for utrekning av pensjon er den årlege godtgjeringa som til ei kvar tid er fastsett for stortingsrepresentantar.
  • Full pensjon utgjer 66 prosent av dette grunnlaget.
  • 12 års funksjonstid på Stortinget gjev full pensjon.
  • Viss funksjonstida er kortare, vert pensjonen redusert forholdsmessig.
  • Viss du er delvis ufør, vert pensjonen redusert forholdsmessig.
  • For kvart barn som er under 18 år, betaler vi ut eit barnetillegg på 10 prosent.
  • Uførepensjon og barnetillegg kan ikkje vere større enn 90 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Utbetaling av pensjonen

  • Uførepensjonen vert betalt ut når du ikkje lenger har krav på godtgjering frå Stortinget eller sjukepengar frå folketrygda.
  • Uførepensjonen går automatisk over til alderspensjon når vilkåra for dette er oppfylt.

Tidlegare stortingsrepresentantar

Viss du tidlegare har vore stortingsrepresentant eller vararepresentant, og har tre års opptening i pensjonsordninga, kan du ha ein såkalla oppsett pensjonsrett. Det tyder at du kan ha rett til uførepensjon sjølv om du ikkje er representant når du vert ufør. Ein oppsett pensjon vert rekna ut på grunnlag av den oppteningstida du har som stortingsrepresentant.

Elles gjeld reglane i lov om Statens pensjonskasse kapittel 6 for behandling av søknadar om uførepensjon.

Slik søkjer du

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 09.07.2013