Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Etterlatnepensjon - stortingsrepresentantar

Dersom du fell frå, kan din gjenlevande ektefelle eller registrerte partnar ha rett til ektefellepensjon. Viss du har barn under 20 år, har dei rett til barnepensjon.

  • Fråskilte kan òg ha rett til ektefellepensjon.
  • Sambuarar har ikkje rett til ektefellepensjon.

Som hovudregel gjeld dei same reglane for ektefelle- og barnepensjon etter stortingsrepresentantar som for slik pensjon etter andre medlemmer i Statens pensjonskasse. Full oppteningstid er 12 år. Viss funksjonstida på Stortinget er mindre enn 12 år, vil pensjonen avkortast forholdsmessig.

Viss du fell frå i en valperiode, reknar vi ut pensjonen på grunnlag av full oppteningstid (12 år).

Tidlegare stortingsrepresentantar

Viss du tidlegare har vore stortingsrepresentant eller vararepresentant og har tre års opptening i pensjonsordninga, kan dine etterlatne ha rett til ein framtidig pensjon. Vi kallar dette ein oppsett pensjonsrett. Det betyr at din gjenlevande ektefelle og dine barn kan ha rett til pensjon dersom du fell frå.

Last ned søknadsskjema


 

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 13.09.2012