Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Uførepensjon - statsrådar

Som hovudregel gjeld dei same reglane for uførepensjon for statsminister og statsrådar som for andre medlemer i Statens pensjonskasse.

Unntaket er dersom statsråden eller statsministeren har vore medlem av regjeringa kortare enn tre år. Då skal ikkje uførepensjonen reknast ut etter reglane til Statens pensjonskasse, men på grunnlag av tre år.

I tillegg må du oppfylle vilkåra i folketrygdlova kapittel 12. Etter desse reglane er det mellom anna eit vilkår at du har fått nedsett arbeidsevne på grunn av varig sjukdom eller skade. I utgangspunktet er det óg eit vilkår at du har gjennomført formålstenleg behandling og attføring.

Utrekning av pensjonen

Dersom du vert ufør medan du er i statsminister- eller statsrådsstillinga di, vil full pensjon vere 57 prosent av den årlige godtgjersla. Pensjonen vert sett ned med fem prosentpoeng for kvart år du manglar på full opptening. Det betyr at:

  • 6 år gir 57 prosent
  • 5 år gir 52 prosent
  • 4 år gir 47 prosent
  • 3 år gir 42 prosent

Om du er delvis ufør, vert pensjonen redusert forholdsmessig. For kvart barn som er under 18 år utbetalar vi eit barnetillegg på 10 prosent. Uførepensjon og barnetillegg kan likevel ikkje overstige 90 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Utbetaling av pensjon

Uførepensjonen vert utbetalt når du ikkje lenger har krav på sjukepengar frå folketrygda.

Uførepensjonen går automatisk over til alderspensjon når vilkåra for dette er oppfylt.

Tidlegare statsminister eller statsråd

Dersom du tidlegare har vore statsminister eller statsråd og har opptening i pensjonsordninga, så kan du ha rett til ein framtidig pensjon. Vi kallar dette ein oppsett pensjonsrett. Det betyr at du kan ha rett til uførepensjon sjølv om du ikkje er statsminister eller statsråd når du vert ufør.

Elles gjeld reglane i lov om Statens pensjonskasse kapittel 6 for handsaming av søknader om uførepensjon.

Slik søkjer du

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 13.09.2012