Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Etterlatnepensjon - statsrådar

Dersom du fell frå, kan den attlevande ektefellen eller registrerte partnaren din ha rett til ektefellepensjon. Dersom du har barn under 20 år, har dei rett til barnepensjon.

  • Fråskilde kan også ha rett til ektefellepensjon.
  • Sambuarar har ikkje rett til ektefellepensjon.

Som hovudregel gjeld dei same reglane for ektefelle- og barnepensjon etter statsminister eller statsrådar som for slik pensjon etter andre medlemer i Statens pensjonskasse. Unntaket er viss du som statsminister eller statsråd har vore medlem av regjeringa kortare enn tre år. Då skal pensjonen reknast ut på grunnlag av tre år.

Tidlegare statsministrar eller statsrådar

Dersom du tidlegare har vore statsminister eller statsråd og har opptening i pensjonsordninga, så kan dei etterlatne etter deg ha rett til ein framtidig pensjon. Vi kallar dette ein oppsett pensjonsrett. Det betyr at den attlevande ektefellen din og barna dine kan ha rett til pensjon dersom du fell frå.

Elles gjeld reglane om ektefelle- og barnepensjon i lov om Statens pensjonskasse kapittel 7.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 13.09.2012