Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Statsrådar

Statens pensjonskasse administrerer pensjonsordninga for statsrådar.

Kven har rett til pensjon?

  • Statsminister og statsrådar
  • Etterlatne etter statsminister og statsrådar

Krav til oppteningstid

For å få pensjon må du minst ha site i regjeringa i minst tre år. Dersom du har vore med kortare, kan du få pensjon viss du har pensjonsgivande tenestetid i andre tenestepensjonsordninger som er omfatta av lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser.

Les meir i lova § 6

 

Alderspensjon

Alderspensjon skal sikre deg inntekt til livsopphald når du sluttar å jobbe.

Meir om alderspensjon

Uførepensjon

Du kan ha rett til uførepensjon dersom du må slutte å jobbe på grunn av sjukdom eller skade.

Meir om uførepensjon

Etterlatnepensjon

Dersom ektefellen eller den registrerte partnaren din døyr, kan du ha rett til ektefellepensjon. Barn har rett til barnepensjon viss ein eller begge foreldra døyr.

Meir om etterlatnepensjon

Ny pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer


Alderspensjonen i den nye ordninga er basert på same prinsipp som ny alderspensjon i folketrygda. Frå lova trådde i kraft 1. januar 2012 gjev alle år på Stortinget eller i regjeringa pensjonsopptening.

Les meir om den nye pensjonsordninga