Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Stillingsstorleik

Kor mykje heiltid og deltid du har jobba i yrkeskarrieren din, avgjer storleiken på pensjonsgrunnlaget ditt når du går av med pensjon.

Gjennomsnittleg stillingsstorleik

Gjennomsnittleg stillingsstorleik blir berekna ut frå dei 30 beste åra med oppteningstid i Statens pensjonskasse.

Dersom du har jobba deltid mens du har opparbeidd deg rett til tenestepensjon, blir pensjonen din rekna ut frå den gjennomsnittlege stillingsprosenten.

Dersom du for eksempel har arbeidd i 100 prosent stilling i 15 år og i halv stilling i 15 år, blir stillingsstorleiken 75 prosent i gjennomsnitt. Da blir pensjonsgrunnlaget, og dermed pensjonen din, rekna ut frå denne prosenten.

Det er ikkje mogleg å komprimere år. Du kan derfor ikkje leggje saman to år med 50 prosent til eitt år med 100 prosent.

Pensjonsgrunnlag = pensjonsgivande inntekt x gjennomsnittleg stillingsstorleik

Stillingsstorleik ved uførepensjon

Normalt skal ein uførepensjon bli berekna i forhold til den stillingsstorleiken du har på det tidspunktet du blir ufør. Har du hatt varierande stillingsprosent, vil vi vurdere kva stillingsstorleik vi skal berekne pensjonen frå. Dersom du har auka stillingsstorleik, må du normalt ha hatt stillingsstorleiken i to år før sjukmelding for at vi skal kunne berekne pensjonsgrunnlaget ut frå denne stillingsstorleiken.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011