Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Samordning

Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordning regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar.

Samordning går føre seg ved at ytingane frå folketrygda blir utbetalte uavkorta, medan tenestepensjonen blir redusert. Reduksjonen - frådraget - blir rekna ut med utgangspunkt i det du får utbetalt frå folketrygda.   

Samordning med grunnpensjon

Vi reduserer tenestepensjonen din med eit beløp på inntil 75 prosent av grunnbeløpet Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 82 122 kroner per 01.05.2012. Meir om grunnbeløpet lukk  i folketrygda (1G).

Dersom du ikkje har full opptening, har jobba deltid eller tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraget for grunnpensjonen Grunnpensjon Grunnpensjon er ei yting i folketrygda, og storleiken på ytinga kjem an på sivilstand og kor lenge du har budd i Noreg. Meir om grunnpensjonen lukk  mot desse tre faktorane.

Samordning med tilleggspensjon og særtillegg

Vi reduserer tenestepensjonen din med inntil heile tilleggpensjonen og eventuelt særtillegget.

Dersom du har hatt inntekt som ikkje har vore pensjonsgivande i tenestepensjonsordninga, vil vi ikkje gjere frådrag for dette. Vi reknar ut vår eigen tilleggspensjon ut frå pensjonsgrunnlaget du har hos oss. Denne tilleggspensjonen brukar vi i samordninga dersom det gir deg eit lågare frådrag enn det tilleggspensjonen i folketrygda gjer.

Om du ikkje har full opptening eller om du tek ut delvis pensjon, reduserer vi frådraga for tilleggspensjonen Tilleggspensjon Meir om tilleggspensjonen lukk  og særtillegget Særtillegg Meir om særtillegget lukk  mot desse faktorane.

Andre pensjons- og trygdeytingar

Vi skal også samordne med ein del andre pensjons- og trygdeytingar, som til dømes krigspensjon, yrkesskadetrygd og pensjon frå Pensjonstrygden for sjømenn.

Samordningslova omfattar:

  • tenestepensjonsordningar
  • personskadetrygd
  • ytingar frå folketrygda
  • avtalefesta pensjon (AFP)

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Du er kanskje også interessert i...

Sist oppdatert: 11.07.2011