Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Nedgang i lønn

Dersom du har gått ned til eit lågare lønnsnivå mens du vore medlem i Statens pensjonskasse, kan dette påverke storleiken på alderspensjonen din.

Når vi bereknar pensjonen, tek vi likevel omsyn til at lønna var høgare på eit tidlegare tidspunkt.

Pensjonen blir dermed berekna ut frå både:

  • oppteningstid før nedgang i lønn
  • oppteningstid etter nedgang i lønn

Full oppteningstid hos oss er 30 år. Dersom den faktiske oppteningstida di er lengre enn dette, ser vi bort frå den delen av oppteningstida som gir det lågaste pensjonsgrunnlaget.

Dersom du rakk å få full oppteningstid før lønna gjekk ned, vil du derfor få heile pensjonsgrunnlaget regna ut frå den høgaste avlønninga.

Pensjonsgrunnlaget, og dermed verknaden av ein eventuell nedgang i lønn, blir først berekna når du pensjonerer deg.

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 24.03.2011