Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Overføringsavtalen

Har du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil ein eigen overføringsavtale sikre at dei ulike periodane blir slegne saman.

Den norske overføringsavtalen er gjort mellom Statens pensjonskasse og andre leverandørar av offentlege tenestepensjonsordningar i norske kommunale pensjonskasser, livsforsikringsselskap og lovfesta pensjonsordningar.

Overføringsavtalen betyr at dersom du tidlegare har tent opp pensjonsrettar i andre ordningar, blir desse overførte til den siste og utbetalande ordninga når du pensjonerer deg. Pensjonsberekninga skjer etter reglane i denne siste ordninga.

Overføringsavtalen stiller krav om eit felles pensjonsprodukt. Det betyr at ordningane som er med i avtalen, stort sett gir dei same rettane.

Pensjonane blir regulerte på den same måten som i Statens pensjonskasse.

Disse pensjonsordningane er med i Overføringsavtalen

Den nordiske overføringsavtalen

Den nordiske overføringsavtalen er ein overeinskomst mellom Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige. Avtalen gjeld samordning av pensjonsrettar mellom statlege pensjonsordningar.

Regjeringane i dei nordiske landa har ei felles målsetting: Dersom du er tilsett i ei stilling med statleg pensjonsrett i eit av dei nordiske landa, skal du kunne skifte over til tilsvarande stilling i eit av dei andre landa utan å tape pensjon.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 24.03.2011