Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Nøytralt uttak i folketrygda

Nøytralt uttak betyr at totalsummen du får utbetalt i pensjon, blir den same, uavhengig av om du pensjonerer deg når du er 62 eller 75 år.

Pensjonsreglane som blei innførte frå 2011, opnar for å kombinere arbeid og alderspensjon frå folketrygda på nye måtar. Alderspensjonen frå folketrygda byggjer på eit fleksibelt og nøytralt uttak. Nøytralt uttak betyr at totalsummen du får utbetalt i pensjon, blir den same, uavhengig av om du pensjonerer deg når du er 62 eller 75 år. Går du tidlig av, blir den månadlege summen mindre enn om du ventar lenger med å ta ut pensjon.

Totalt sett tapar du altså ikkje alderspensjon frå folketrygda, så framt du lever så lenge som prognosane for årskullet ditt seier.

NB! Dersom du tek ut alderspensjon frå folketrygda før du er 67 år og sluttar i stillinga som gir medlemskap i Statens pensjonskasse, blir tenestepensjonen lågare enn om du er medlem når du går av. Da aukar full opptening frå 30 til 40 år.

Ver også merksam på at minstekravet for å kunne ta ut fleksibel alderspensjon frå folketrygda er at du har tent opp pensjon tilsvarande minstepensjon ved 67 år.

Ulike oppteningsmodellar

Nøytralt uttak gjeld først og fremst dei som er fødde i 1953 eller tidlegare. Desse årskulla vil framleis tene opp pensjon frå folketrygda etter besteårsregelen. Det vil seie at det er dei 20 beste inntektsåra som gjeld. Etter statistikken har desse årskulla i gjennomsnitt dei beste inntektsåra bak seg når dei fyller 62, og tener dermed ikkje opp meir pensjon frå folketrygda. Dersom det ikkje er tilfelle og inntektsåra frå du er 62 til 67 vil gå inn i dei 20 beste inntektsåra dine, vil totalpensjonen auke. Det same gjeld dersom du ikkje har full opptening i folketrygda, som er 40 år.

For årskull som tener opp pensjon etter ny modell, alleårsregelen, vil pensjonsbehaldninga vekse så lenge du held fram å jobbe. Det betyr at det blir meir i pensjon - både fordi du er pensjonist i færre år, og fordi pensjonsbehaldninga veks.

Eit eksempel på nøytralt uttak

  • Ein person fødd i 1949
  • Årslønn 378 000

Graf som illustrerer nøytralt uttak

Figuren viser den samla utbetalinga over livsløpet (vi ser bort frå løpande regulering og skatteeffektar). Loddrett akse viser oppsamla utbetaling, mens den vassrette aksen viser tidspunkt (alder) for uttak av alderspensjon.

 

  • Alt 1: Tek ut fleksibel alderspensjon frå folketrygda ved 62 år.
    Årleg pensjon blir 153 500 kroner.
  • Alt. 2: Tek ut alderpensjon frå folketrygda ved fylte 67 år:
    Årleg pensjon blir 197 000.
  • Alt. 3: Jobbar til fylte 70 år.
    Årleg pensjon blir 235 361 kroner.

Sjølv om differansen mellom å ta ut pensjonen som 62- eller 67-åring er 43 500 kroner, blir den totale pensjonsutbetalinga til slutt den same, uavhengig av når utbetalingane starta. Nøytraliteten blir teken vare på ved at den forventa utbetalte pensjonen over livsløpet vil vere om lag lik ved 84 år.

Knytt til levealdersjustering

Nøytralt uttak er tett knytt til levealdersjusteringa Levealdersjustering Frå 2011 skal den opptente pensjonen din fordelast på talet på år det er forventa at du vil leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å få den same pensjonen. Meir om levealdersjusteringa lukk , som blei innført med pensjonsreforma. Det inneber at pensjonen skal blir justert i forhold til forventa levealder i befolkninga. Når levealderen for årskullet aukar, må ein arbeide litt lenger enn tidlegare årskull for å få den same årlege pensjonen. Det er fordi pensjonen skal fordelast på lengre levetid.

Levealdersjustering og nøytralt uttak blir rekna ut ved hjelp av  forholdstal Forholdstal Forholdstalet er ein faktor som viser forholdet mellom forventa levealder og tidspunktet for uttak av pensjon. Meir om forholdstal lukk og  delingstal Delingstal Fra 2011 skal både alderspensjon i folketrygda og alderspensjon i Statens pensjonskasse bli levealdersjustert. Det betyr at pensjonen din skal bli fordelt på talet på år som det er forventa at du vil leve. Meir om delingstal lukk – avhengig av om du tener opp pensjonen din etter besteårsregelen eller alleårsregelen. Årstalet du er fødd i, avgjer dette.

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 13.04.2011