Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Individuell garanti

Medlemmer av offentlege tenestepensjonsordninger som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. Vilkåret er full oppteningstid i 100 prosent stilling.

Levealdersjusteringa Levealdersjustering Frå 2011 skal den opptente pensjonen din fordelast på talet på år det er forventa at du vil leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å få den same pensjonen. Meir om Levealdersjusteringa lukk  som blei innført i 2011, gjer at mange vil få lågare pensjon enn tidlegare. Jo yngre ein person er, jo lengre tid er det til å påverke den endelege pensjonen. For å ta vare på dei som har kortast tid til pensjonering, har årskulla til og med 1958 ein individuell garanti. Denne garantien inneber at dei får utbetalt minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget sitt, også om pensjonen blir mindre enn dette når han blir berekna etter dei nye reglane. Vilkåret er full oppteningstid (30 år) i 100 prosent stilling.

Slik fungerer garantien

Søylediagram som viser virkningen av individuell garanti.

Tidlegare samordningsreglar ville ha gitt 69,1 prosent av pensjonsgrunnlaget. Figuren viser at pensjonen til ein person som er fødd i 1953, vil komme under 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når pensjonen bli levealdersjustert. Den individuelle garantien gjer likevel at pensjonen blir løfta opp til 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.

Garantien gjeld også for dei som har færre enn 30 år i 100 prosent stilling. Ein person med 15 år vil for eksempel få ein garanti på 33 prosent.

Individuell garanti blir berekna ved 67 år, sjølv om folketrygda er teken ut før dette.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 06.06.2011