Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Forholdstal

Frå 2011 skal pensjonen din fordelast på talet på år det er forventa at du lever. Det betyr at storleiken på pensjonen din blir påverka av kor gamal du er når du vel å ta ut pensjon, og kor gamle det er forventa at årskullet ditt blir i gjennomsnitt. Dette prinsippet blir kalla levealdersjustering.

Forholdstal - eit døme

Om du er fødd i 1949, er det berkna at du får desse forholdstala:

62 år  63 år 64 år  65 år  66 år 67 år
1,319  1,261  1,203  1,145   1,088 1,030

Som oversikta viser, er forholdstalet ditt avhengig av når du tek ut pensjonen din. Desto lenger du ventar med å ta ut pensjon, desto lågare blir forholdstalet – og pensjonen din blir høgare. Det er fordi pensjonen du har tent opp, skal utbetalast over færre år.

Kven gjeld forholdstal for?

  • Alle som har offentleg tenestepensjon
  • Alle som er fødde i åra 1943 til 1962, og som tener opp pensjon i folketrygda heilt eller delvis etter besteårsregelen .

Forholdstal i offentleg tenestepensjon – eit døme

Som medlem i Statens pensjonskasse er du garantert 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før levealdersjustering. Føresetnaden er at du har full opptening, som er 30 år. Levealdersjusteringa skjer med hjelp av eit forholdstal.

Eit forholdstal i offentleg tenestepensjon kan ikkje bli lågare enn 1.

Døme – ein person fødd i 1949

  • Tek ut tenestepensjon som 67-åring
  • Pensjonsgrunnlag: 500 000
  • Brutto pensjon (66 prosent av pensjonsgrunnlag)* = 330 000 kroner
  • Forholdstal: 1,030
  • Alderspensjon frå Statens pensjonskasse etter levealdersjustering* = 330 000 / 1,030 = 320 388

* Før samordning med alderspensjonen frå folketrygda.

Forholdstal i folketrygda – eit døme

Den som tener opp alderspensjon frå folketrygda etter besteårsregelen, får rekna ut ei årleg yting. Denne ytinga skal levealdersjusterast. Også her blir det brukt eit forholdstal.

Her er eit reknestykke for ein person som er fødd i 1949 og som tek ut pensjon som 67-åring:

  • Årleg alderspensjon før levealdersjustering: 219 677
  • Anslått forholdstal: 1,030
  • Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = 219 677 / 1,030 = 213 279 kroner

I folketrygda kan forholdstalet bli mindre enn 1. Her ser du kva det kan bety for ein som er fødd i nettopp 1949:

62 år  63 år 64 år  65 år  66 år 67 år 68 år 69 år 70 år
1,319  1,261  1,203  1,145   1,088 1,030 0,974  0,917 0,862

Dersom du går av med pensjon som 67-åring:

  • Årleg basispensjon: 219 677
  • Forholdstalet er sett til: 1,030
  • Årleg alderspensjon etter levealdersjustering = 219 677 / 1,030 = 213 279 kroner

Samordna pensjon

Vi ser framleis på pensjonen til ein person som er fødd i 1949. Denne gongen ser vi alderspensjonen i Statens pensjonskasse (SPK) og folketrygda samla. Då skal pensjonane samordnast, slik at det blir klart kor stor del Statens pensjonskasse skal betale.

  Tek ut folketrygd og teenestepensjon som 67-åring Tek ut folketrygd og tenestepensjon som 68-åring
Levealdersjustert bruttopensjon frå SPK (500 000x0,66)/1,030 = 320 388 (500 000x0,66)/1,000 = 330 000
- Levealdersjustert samordningsfradrag folketrygden 199 873/1,030 = 194 051 199 873/0,974 = 205 208
= Netto pensjon frå SPK 320 388 - 201741 = 126 337 330 000 - 205 208 = 124 792
+ Levealdersjustert folketrygd 219 677/1,030 = 213 279 219 677/0,974 = 225 541
= samla levealdersjustert pensjon 118 647 + 213 279 = 339 616 124 792 + 225 541 = 350 333

I begge disse døma oppnår personen 66 prosent av pensjonsgrunnlaget før levealdersjustering. Vi ser samstundes at dersom personen tek ut pensjon som 68-åring, blir den samla, levealdersjusterte pensjonen høgare enn ved 67 år. Ved å arbeide eitt år til i staden for å ta ut pensjonen som 67-åring, er altså effekten av levealdersjusteringa motverka. Dette har med forholdstala å gjere:

  • Bruttopensjonen i SPK ved 68 år blir uendra fordi forholdstalet er 1 (forholdstalet i offentleg tenestepensjon blir aldri lågare enn 1)
  • Alderspensjonen frå folketrygda blir høgare som 68-åring fordi forholdstalet er mindre enn 1 (0,974)

Samordningsfrådraga blir levealdersjusterte med det faktiske forholdstalet som gjeld når tenestepensjonen blir teke ut. I eksempla våre blir samordningsfrådraget høgare ved 68 enn ved 67 år, men den samla pensjonen blir likevel høgare når personen er 68 år.

Samordningsfrådraget blir rekna ut med utgangspunkt i alderspensjonen frå folketrygda.

Fastsetjing av forholdstal

NAV utarbeidar prognoser for forholdstal. Endeleg forholdstal for uttaksaldrar fra 62 år til 75 år blir fastsette innan 1.juli det året eit årskull fyller 61 år. Forholdstal er like for kvinner og menn og ulike yrkesgrupper.

1943 er valt som utgangspunkt. Dersom ein person i dette årskullet tok ut alderpensjon når han eller ho fylte 67 år, var forholdstalet 1. Eit forholdstal som er høgare enn éin, vil gi lågare årleg pensjon enn slik pensjonen ville ha blitt utan dei nye fleksible uttaksreglane. Et forholdstal som er lågare enn éin, gir høgare pensjon.

Døma over viser at forholdstalet for 1949-kullet er rekna ut til 1,030 dersom pensjonen blir teken ut ved fylte 67 år. I praksis inneber det at ein person frå dette kullet må jobbe fram til 67 år og 7 månader for å kunne ta ut den same pensjonen som ein person i 1943-kullet.

Årskull 67 år i Nødvendig pensjonsalder
1943 2010 67 år
1944 2011 67 år 1 måned
1945 2012 67 år 2 måneder
1946 2013 67 år 4 måneder
1947 2014 67 år 5 måneder
1948 2015 67 år 6 måneder
1949 2016 67 år 7 måneder
1950 2017 67 år 8 måneder
1951 2018 67 år 9 måneder
1952 2019 67 år 10 måneder
1953 2020 68 år

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 29.06.2011