Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Basispensjon

Basispensjon dannar grunnlaget for utrekninga av alderspensjon frå folketrygda.

Basispensjon er ei nemning på den årlege pensjonen din, det vil seie grunnpensjon og tilleggspensjon, før det er teke omsyn til uttakstidspunkt. Nemninga er innført for å forenkle omgrepsbruken, og får ingen konsekvensar for deg.

Basispensjon dannar grunnlaget for berekning av alderspensjonen for personar som er omfatta av gammal oppteningsmodell i folketrygda, den såkalla besteårsregelen. Dette gjeld altså dei som er fødde i 1962 eller tidlegare.

Når du tek ut alderspensjonen frå folketrygda, blir pensjonen som skal betalast ut, berekna ved at basispensjonen blir delt på eit forholdstal. Dette blir kalla levealdersjustering, som er det viktigaste elementet som blei innført med pensonsreforma i 2011.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 24.03.2011