Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Alleårsregelen

Grunnprinsippet som gjeld frå 2011, er at inntektspensjonen frå folketrygda skal tenast opp gjennom heile det yrkesaktive livet ditt. Han skal reknast ut frå første krone du tener frå du er 17 år til du blir 75 år. Er du fødd i 1997 eller seinare, tener du opp pensjon alt frå du er 13 år. Det betyr at jo lenger du jobbar, jo meir pensjon tener du opp. Besteårsregelen, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra med høgast lønn, blir fasa ut.

Gradvis innføring

Dei nye oppteningsreglane i folketrygda skal bli fasa inn gradvis, slik:

Fødd i 1953 eller tidlegare

Du vil tene opp pensjon på samme måte som før pensjonsreforma. Du får berekna pensjon ut frå dei 20 åra der du har hatt høgast lønn – den såkalla besteårsregelen.

Fødd i 1954–1962

Du vil tene opp pensjon delvis etter alleårsregelen og delvis etter besteårsregelen.

Fødd i 1963 eller seinare

Alderspensjonen din frå folketrygda blir tent opp berre etter alleårsregelen. Regelen får tilbakeverkande kraft, slik at alt du har jobba kjem inn under denne regelen.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 24.03.2011