Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Ord og uttrykk om pensjon

  • A

    Aldersgrense

    Aldersgrensa følgjer den stillinga du er tilsett i, og er det tidspunktet du må slutte i stillinga. Dei fleste stillingar har ei aldersgrense på 70 år. Du må ikkje forveksle alders grense med pensjonsalder, som fortel når du kan gå av med pensjon....

    Alleårsregelen

    Grunnprinsippet som gjeld frå 2011, er at inntektspensjonen frå folketrygda skal tenast opp gjennom heile det yrkesaktive livet ditt. Han skal reknast ut frå første krone du tener frå du er 17 år til du blir 75 år. Er du fødd i 1997 eller seinare,...

  • B

    Barnetillegg

    Dersom du som alders- eller uførepensjonist forsørgjer barn under 18 år, kan du ha krav på tillegg i pensjonsutbetalinga. For kvart barn utgjer barnetillegget 10 prosent av pensjonen. Pensjonen inkludert tillegg for barna kan ikkje vere større enn...

    Basispensjon

    Basispensjon dannar grunnlaget for utrekninga av alderspensjon frå folketrygda.

    Besteårsregelen

    Besteårsregelen er den gamle oppteningsmodellen i folketrygda, der pensjonen blir berekna ut frå dei 20 åra du har hatt høgast lønn. Besteårsregelen skal gradvis bli fasa ut, men gjeld enno for nokre årskull. Fødde i 1953 eller tidlegare Du vil te...

  • D

    Delingstal

    Fra 2011 skal både alderspensjon i folketrygda og alderspensjon i Statens pensjonskasse bli levealdersjustert. Det betyr at pensjonen din skal bli fordelt på talet på år som det er forventa at du vil leve.

  • F

    Forholdstal

    Frå 2011 skal pensjonen din fordelast på talet på år det er forventa at du lever. Det betyr at storleiken på pensjonen din blir påverka av kor gamal du er når du vel å ta ut pensjon, og kor gamle det er forventa at årskullet ditt blir i...

  • G

    GKRS

    GKRS er ei forkorting for god kommunal rekneskapsskikk. Alle kommunar og fylkeskommunar bruker GKRS-oppstillinga i rekneskapen sin.

    G-regulering

    Pensjonar i Statens pensjonskasse blir årleg regulerte opp i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Denne forma for regulering av pensjonar blir fasa ut i løpet av 2011 og erstatta av eit nytt sett av reglar for regulering av pensjonar.

    Grunnbeløp

    Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 82 122 kroner per 01.05.2012.

    Grunnpensjon

    Grunnpensjon er ei yting i folketrygda, og storleiken på ytinga kjem an på sivilstand og kor lenge du har budd i Noreg.

  • I

    IAS19

    IAS 19 inneheld målereglar og reglar om resultatspesifikasjon, og inneheld meir enn pensjonsytingar. IAS 19 kan brukast som eit alternativ til rekneskapsføring etter hovudregelen i NRS6.

    Individuell garanti

    Medlemmer av offentlege tenestepensjonsordninger som er fødde i 1958 eller før, er sikra at dei får 66 prosent av pensjonsgrunnlaget når dei fyller 67 år. Vilkåret er full oppteningstid i 100 prosent stilling.

  • L

    Levealdersjustering

    Frå 2011 skal den opptente pensjonen din fordelast på talet på år det er forventa at du vil leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å få den same pensjonen.

  • N

    Nedgang i lønn

    Dersom du har gått ned til eit lågare lønnsnivå mens du vore medlem i Statens pensjonskasse, kan dette påverke storleiken på alderspensjonen din. Når vi bereknar pensjonen, tek vi likevel omsyn til at lønna var høgare på eit tidlegare tidspunkt....

    NRS6

    NRS6 er ein norsk standard for korleis pensjonskostnader skal behandlast i rekneskapen til arbeidsgivarar.

    Nøytralt uttak i folketrygda

    Nøytralt uttak betyr at totalsummen du får utbetalt i pensjon, blir den same, uavhengig av om du pensjonerer deg når du er 62 eller 75 år.

  • O

    Oppsett pensjon

    Dersom du tidlegare har vore medlem hos oss, kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Dette kallar vi ein oppsett pensjon. Det blir stilt krav om minst 3 års oppteningstid.

    Oppteningstid

    Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse, blir kalla oppteningstid. Dette vil normalt seie den tida du har blitt trekt pensjonsinnskot for. Du må ha vore tilsett i ei stilling i minst éin månad for at perioden skal vere pensjonsgivande....

    Overføringsavtalen

    Har du vore medlem av fleire offentlege tenestepensjonsordningar, vil ein eigen overføringsavtale sikre at dei ulike periodane blir slegne saman.

  • P

    Pensjonistlønn

    Alderspensjonistar kan gjere avtale med arbeidsgivar om arbeid etter gitte vilkår og pensjonistlønn. Dersom du er alderspensjonist og blir engasjert på pensjonistvilkår, det vil seie at du får pensjonistlønn, beheld du som hovudregel pensjonen frå...

    Pensjonsalder

    Pensjonsalder er det tidspunktet du tidlegast kan gå av med alderspensjon. Vanleg pensjonsalder er 67 år. Du må ikkje forveksle pensjonsalder med . . .

    Pensjonsbehaldning

    Alderspensjonen i folketrygda blir berekna ut frå ei pensjonsbehaldning. Denne pensjonsbehaldninga er knytt til for opptening, som blir fasa gradvis inn frå 2011. Det betyr at regelen berre gjeld deg som er fødd i 1954 eller seinare. Lønner seg å...

    Pensjonsgrunnlag

    Pensjonsgrunnlaget er den arbeidsinntekta det er trekt pensjonsinnskot av og som pensjonen skal bereknast ut frå.

    Pensjonsplan

    Ein pensjonsplan er ein avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar om korleis pensjon skal tenast opp. Pensjonsplanen kan vere anten ein innskotsplan eller ein ytingsplan. I Statens pensjonskasse har alle medlemmene ytingsplanar. Pensjonsplanen...

    Poengtal

    Poengtal speglar den pensjonsgivande inntekta du har hatt frå og med det året du fyller 17 til og med det året du fyller 69. Dei blir brukte ved berekninga av tilleggspensjon i folketrygda. Det blir berre berekna poengtal av inntekt som er høgare...

    Poengår

    Poengår er det talet på år du har opparbeidd deg . . . Poengåra blir brukte ved berekning av tilleggspensjon i folketrygda.

    Premie

    Alle arbeidsgivarar som er kundar i Statens pensjonskasse, betaler ein årleg premiesats for å finansiere pensjonsrettane til sine tilsette.

  • R

    Regulering av pensjon

    Desse formene for regulering av pensjon avløyser den såkalla  . . og gjeld frå 01.01.2011. Alderspensjon Vi regulerer først pensjonen i samsvar med den alminnelege lønnsveksten. Deretter blir denne oppregulerte pensjonen redusert med 0,75 prosent....

    Regulering av pensjonsgrunnlag

    Pensjonsgrunnlag blir regulert i samsvar med den alminnelege lønnsveksten. Det betyr at dersom du har slutta i ei stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse og derfor har rett til ein framtidig pensjon, ein såkalla oppsett pensjon, vil...

    Risikoklasse

    Verksemdene som har yrkesskadeforsikring i Statens pensjonskasse, er delte inn i risikoklasser. Risikoklassa påverkar prisen dei betaler for yrkesskadeforsikringa. Kva for risikoklasse verksemda hamnar i, kjem an på skadefrekvensen og skadeomfange...

  • S

    Samordning

    Pensjonen frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar skal samordnast med ytingar frå folketrygda. Samordning regulerer fordelinga av utbetalinga av pensjon frå folketrygda og offentlege tenestepensjonsordningar.

    Samordning med grunnpensjon

    Vi reduserer tenestepensjonen din med eit samordningsfrådrag på inntil 75 prosent av fullt grunnbeløp frå folketrygda (1G). Vi vil redusere samordningsfrådraget dersom du har mindre enn full opptening har jobba deltid tek ut delvis pensjon Dette...

    Samordning med særtillegg

    Vi reduserer tenstepensjonen din med eit samordningsfrådrag på inntil heile særtillegget.

    Samordning med tilleggspensjon

    Vi reduserer tenestepensjonen din med eit samordningsfrådrag på inntil heile tilleggspensjonen.

    Sluttpoengtal

    Sluttpoengtalet er eit gjennomsnitt av dei 20 beste poengtala dine. Dei blir brukte ved berekning av tilleggspensjon i folketrygda.

    Stillingsstorleik

    Kor mykje heiltid og deltid du har jobba i yrkeskarrieren din, avgjer storleiken på pensjonsgrunnlaget ditt når du går av med pensjon. Gjennomsnittleg stillingsstorleik Gjennomsnittleg stillingsstorleik blir berekna ut frå dei 30 beste åra med...

    Særaldersgrense

    Nokre stillingar har lågare aldersgrense enn 70 år, vi seier at dei har særaldersgrense. Særaldersgrenser finn vi som oftast i yrke der det blir stilt særlege krav til fysiske og psykiske eigenskapar.

    Særtillegg

    Særtillegg er ei yting i folketrygda. Du får ytinga dersom du ikkje har tent opp tilleggspensjon. Grensene for særtillegg utgjer eit minimum av det du skal ha i folketrygda. Dersom du har ein tilleggspensjon under denne grensa, vil det bli fylt op...

  • T

    Tilleggspensjon

    For å få tilleggspensjon i folketrygda må du ha tent opp poengtal i minst tre år.

  • V

    Vartpengar

    Vartpengar skal kompensere for inntekta du mister dersom du blir overtalig.