Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Sametinget

Medlemmer av Sametinget som utfører vervet på fulltid, har rett til pensjon etter pensjonsordninga for sametingsrepresentantar. Deira etterlatne kan også ha rett til pensjon dersom representanten døyr.

For å få rett til alderspensjon må du ha vore medlem av Sametinget i minst éin periode eller i fire år.

Hovudreglar for pensjonsordninga

  • pensjonsalderen er 65 år
  • sametingsrepresentanten må ha delteke i minst eitt sameting eller 4 år og utført vervet på fulltid.
  • pensjonsgivande tenestetid er den tida det er betalt medlemsinnskot , og tidlegare funksjonstid
  • det blir gitt full alderspensjon etter 12 års pensjonsgivande tenestetid
  • medlemsinnskotet er 2 % av godtgjeringa

Med unntak av punkta over, skal lov om Statens pensjonskasse følgjast når ein skal berekne pensjonen. Det same gjeld reglar for berekning og utbetaling av etterlatnepensjon, uførepensjon og barnetillegg.

Pensjon frå sametingsordninga skal samordnast med andre ytingar som er omfatta av samordningslova.

Pensjonsordninga blir administrert av Statens pensjonskasse, og blir leidd av styret i Statens pensjonskasse.

Kombinere jobb og pensjon

Du kan ikkje få alderspensjon dersom du er medlem av Sametinget og utfører vervet på fulltid. Dersom du er medlem av Stortinget, regjeringa, fylkesting eller har kommunalt ombod, eller jobbar i ei stilling med medlemskap i ei offentleg tenestepensjonsordning, kan du heller ikkje få utbetalt alderspensjon. Dersom du jobbar deltid, kan du ta ut ein rett avpassa del av pensjonen. Medlemmer av Sametinget som utfører vervet på deltid, kan på same måten ta ut ein rett avpassa del av pensjonen.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 24.03.2011