Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Hovudprinsippa i pensjonsreforma

Pensjonsreforma påverkar pensjonen til alle noverande og framtidige alderspensjonistar, men på ulik måte. Her kan du lese meir om dei viktigaste elementa i pensjonsreforma.

Det vert stadig fleire eldre og færre yngre i Noreg. Dermed vert det òg færre personar som er i jobb, og som er med på å finansiere pensjonane i folketrygda gjennom å betale skatt. For at reknestykket skal gå opp, måtte reglane for pensjon endrast. Pensjonsreforma tok til å gjelde frå 1. januar 2011.

Dette er hovudprinsippa i reforma:

  • Det skal løne seg å jobbe lenger
  • Du får fleire valmoglegheiter

Fleksibelt uttak av alderspensjon i folketrygda

Frå 2011 kan du i større grad velje når alderspensjonen frå folketrygda skal takast ut – og kor mykje av han som skal takast ut.

  • Du kan ta ut alderspensjon frå folketrygda alt når du er 62 år dersom oppteninga di er høg nok. Du vel sjølv om du vil halde fram heilt eller delvis i arbeid etter fylte 62 år.
  • Du kan jobbe så mykje du vil sjølv om du tek ut alderspensjon frå folketrygda. Inntekt reduserer altså ikkje alderspensjonen frå folketrygda. I tenestepensjonen vert det framleis ei inntektsavgrensing.
  • Du kan velje uttaksgrad 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent.

Det er ikkje høve til fleksibelt uttak i offentleg tenestepensjon, som etter hovudregelen først kan takast ut når du har fylt 67 år, og seinast når du fyller 70 år.

Nye oppteningsreglar i folketrygda

Er du fødd i 1953 eller tidlegare, vert alderspensjonen din frå folketrygda framleis rekna ut frå dei 20 beste åra dine med inntekt. For deg som er fødd i 1954 eller seinare, skal alleårsregelen gradvis fasast inn. Pensjonen skal verte rekna ut frå første krone du tener frå du er 17 til du vert 75 år. For den som er fødd i 1997 eller seinare, vert pensjonen berekna frå 13 til 75 år.

Reglane for opptening av pensjon i Statens pensjonskasse vert ikkje endra.

Levealdersjustering

Frå 2011 skal den opptente alderspensjonen din fordelast på kor mange år det er forventa at du vil leve. Dette vert kalla levealdersjustering Levealdersjustering Frå 2011 skal den opptente pensjonen din fordelast på talet på år det er forventa at du vil leve. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å få den same pensjonen. Meir om levealdersjustering lukk . Det tyder samtidig at så lenge levealderen aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å komme opp i den same årlege pensjonen.

Det året du fyller 61, reknar Statistisk sentralbyrå ut kor lenge det er forventa at årskullet ditt vil leve. Deretter vert pensjonen du har tent opp i desse åra, fordelt. Alle som er fødde i 1943 eller seinare, vil få pensjonen sin levealdersjustert. Dette gjeld både pensjon frå folketrygda og pensjon frå Statens pensjonskasse.

Ny regulering av pensjonar under utbetaling

Til og med 2010 har utbetalt pensjon vorte regulert etter grunnbeløpet i folketrygda (G). Frå 2011 vert utbetalt pensjon regulert etter gjennomsnittleg lønsvekst i samfunnet, deretter vert det trekt frå ein faktor på 0,75 prosent. Dette gjeld både pensjon frå folketrygda og pensjon frå Statens pensjonskasse.

Individuell garanti

Medlemmer av offentlege tenestepensjonsordningar som er fødde før 1959, har ein individuell garanti som sikrar 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ved 67 år etter 30 års opptening. Har du ikkje full oppteningstid, vert garantien forkorta tilsvarande oppteningstida.

Uføre- og etterlatnepensjon

Uførepensjon i folketrygda skal ikkje levealdersjusterast, han vert gjort om til alderspensjon ved 67 år. Uførepensjon i offentleg tenestepensjon gjeld fram til aldersgrensa, som i dei fleste tilfella er 70 år, og vert levealdersjustert etter dette.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.09.2012