Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Slik jobbar vi

Rett faktura og rett utbetaling til rett person – og til rett tid. Det høyrest enkelt ut, men i røynda krev det fleire ulike arbeidsprosessar. Det er desse arbeidsprosessane som er navet i organisasjonen vår.

Organisasjonskart

Her er dei tre hovudoppgåvene våre:


1. Kunde- og medlemsdataprosessen

Handlar om handtering av kunde- og medlemsdata. Arbeidsgjevaren rapporterer lønsdata for kvar enkelt arbeidstakar inn til oss. Desse dataa er sjølve grunnmuren i alt vidare arbeid, og vi må både leggje til rette for at dataa kjem inn, oppdatere dataa og kvalitetssikre dei.

2. Pensjoneringsprosessen

Når ein arbeidsgjevar sender melding til oss om at ein tilsett skal pensjonerast, er det vår oppgåve å klargjere for pensjonering, rekne ut pensjonen og sørgje for utbetaling.

3. Premie- og oppgjersprosessen

Vi reknar ut premien som arbeidsgjevarar skal betale. I tillegg til å sørgje for at arbeidsgjevarane har betalt inn korrekt premie basert på rett faktura, skal dei òg ha korrekt årsoppgjer, kontooppgjer og premiebudsjett. Dette kallar vi premie- og oppgjersprosessen.

Organisasjonen jobbar på tvers

Kvar av dei tre hovudoppgåvene, eller hovudprosessane, krev innsats frå ulike fagområde. Derfor har vi valt å behalde ein tradisjonell linjeorganisasjon, som er bygd rundt dei tre hovudoppgåvene.

Linjeorganisasjonen er sett saman av fire forretningsområde og fire støtteområde. Og for å illustrere samhandlinga mellom dei, og at dei er avhengige av kvarandre, har vi valt å lage eit organisasjonskart som samtidig er eit prosesskart.

Organisasjonsforma krev stor openheit. Det seier seg sjølv at vi verken kan jobbe eller tenkje i tradisjonelle «boksar».

Prosjektorganisasjonen vår – Perform

Fram til 01.01. 2012 hadde vi òg prosjektorganisasjonen Perform på 175 personar. Prosjektet starta i 2008, og leveransane var knytte til pensjonsreforma.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Våre støtteområde

Sist oppdatert: 19.09.2012