Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Sportsklubben

Hos oss er sport verkeleg eit utvida kulturomgrep. Det er Sportsklubben som står bak dei sportslege og sosiale aktivitetane våre.

Alle tilsette i Statens pensjonskasse vert automatisk medlem i Sportsklubben. Klubben har lange tradisjonar. Den vart stifta 24. januar 1935 og protokollen frå den gongen vitnar om stor aktivitet. Sportsklubben er særs viktig for det gode arbeidsmiljøet vi har i Statens pensjonskasse. 

Kultur

Sportsklubben arrangerer våre årlege sommar-, haust- og vinterfestar. Det er òg Sportsklubben som har ansvaret for den månadlege pubkvelden i Tubben, som er vår vesle samlingsplass i kjellaren.

Nokre gonger i året arrangerer Sportsklubben hytteturar, og ei eiga teatergruppe inviterer jamnleg til førestillingar med fellesmiddag i forkant.  

Sportslege aktivitetar

Vi har trimrom og eigen squashbane i kjellaren. Både trimrommet og banen kan brukast fritt av alle tilsette, som kan ta med seg familie og venner.

Statens pensjonskasse har eit fotballag i bedriftsserien, og vi stiller som regel i Holmenkollstafetten, Sentrumsløpet og Oslo Maraton. Vi har òg ei eiga skigruppe, og ein gjeng som speler innebandy.

Sportsklubben har òg rabattavtale med fleire av dei store treningskjedene.

Sist oppdatert: 30.07.2012