Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Reda Louhibi

– Eg har fått nokre spørsmål om kvifor eg jobbar i offentleg sektor. Dei som spør, forstår nok ikkje kva for faglege utfordringar vi har.

Reda leier seksjon personservice, som er ein sentral del av førstelinjetenesta vår.

Seksjonen mottek dagleg 6-700 førespurnader frå medlemmer og arbeidsgjevarar. Reda har ansvar for å leggje til rette for arbeidet i seksjonen, slik at medlemmer og samarbeidspartnarar får gode og raske svar på sine førespurnader.

Det inneber mellom anna at han må følgje nøye med på utviklinga både innanfor drift av kundesenter generelt og i høve til dei prognosar, framtidige behov og organisatoriske mål vi har i Statens pensjonskasse.

Bakgrunnen til Reda

Reda har jobba med leiing av kundesenter i dei siste elleve åra. Før han kom til Statens pensjonskasse, bygde han opp eit kundesenter for Get og Tiscali. Det inkluderte sal, kundepleie, service og fakturering av kundar og medlemmer. Han har IT-fagleg bakgrunn og utdanning innan leiing.

Sist oppdatert: 17.12.2012