Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Gode grunnar til å jobbe her

Når du vert tilsett i Statens pensjonskasse, får du ei rekkje rettar og moglegheiter som til saman dannar et verdifullt tillegg til lønna di.

God pensjon livet ut

Tenestepensjon frå Statens pensjonskasse, kombinert med folketrygd, gir deg ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg. Les meir om pensjonsordningane våre.

Gunstig bustadlån

Du kan låne inntil 1,7 millionar kroner – eller 3,4 millionar viss de er to medlemmar i same husstand. Renta ligg i gjennomsnitt eitt prosentpoeng under marknadsrenta. Det tyder at du sparer tusenvis av kroner i året. Les meir om bustadlånet vårt

Tryggleik for deg og dine

Tilsette i Statens pensjonskasse har gunstige forsikringsordningar som sikrar både deg, dersom du skulle verte utsett for ein sjukdom eller yrkesskade -  og dine etterlatne, dersom du skulle døy.
Les meir om våre forsikringsordningar

Utvikling og karriere

Pensjon er eit viktig samfunnstema – og eit fag for framtida. I Statens pensjonskasse finn du landets største fagmiljø innan tenestepensjon. Vi har vår eigen SPK-skule som tilbyr kurs du ikkje kan få andre stader.

Alle tilsette skal òg ha ein individuell utviklingsplan som kan innehalde eksterne kurs og vidareutdanning. Les meir om utviklingsmoglegheitene dine

Mangfaldig arbeidsmiljø

Lågt sjukefråvær, tilfredse medarbeidarar – og ein gjennomsnittsalder som held seg rundt 42 år. Les meir om arbeidsmiljøet

Trim og fellesskap

Vi har eige trimrom og eigen squashhall som står til fri disposisjon for alle tilsette – og vennane deira. Vi arrangerer òg energigym og aerobic, og vi har avtale med fleire av dei store treningskjedene.  

Alle tilsette vert automatisk medlemer i Sportsklubben, som står bak både sportslege og sosiale tiltak. Les meir om Sportsklubben

Sentral plassering

Statens pensjonskasse held til i Slemdalsveien 37 – seks-sju minutts gonge frå Majorstua, som er eit av Oslos største knutepunkt for kollektivtrafikk. Det er svært gode utandørs og innandørs parkeringsmoglegheiter i og rundt bygningskomplekset i Slemdalsveien. 

Vi har òg lokale i Sørkedalsveien 10, som ligg på Majorstua.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 30.07.2012