Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Arbeidsmiljøet vårt

Lågt sjukefråvær, fallande turnover, tilfredse medarbeidarar – og ein gjennomsnittsalder som held seg stabil på rundt 42 år. Det er vi nøgde med.

Statens pensjonskasse har eit sterkt, mangfaldig og tverrfagleg arbeidsmiljø. 70 prosent av dei tilsette har utdanning frå høgskule eller universitet. Samtidig ser vi at nokre av dei mest kompetente medarbeidarane våre har lært faget sitt gjennom lang erfaring og vår eigen SPK-skule.

Denne blandinga av mennesketypar, kompetanse og erfaringsbakgrunn er ein eigenskap ved Statens pensjonskasse som vi er opptekne av å halde på.

Lågt sjukefråvær

I 2011 låg sjukefråværet på 5,4 prosent. Det er ein nedgang frå starten av 2000-tallet, då vi var oppe i 7,1 prosent.

Høg trivsel

Vi køyrer ei omfattande medarbeidarundersøking kvart andre år – og ei litt mindre «pulsmåling» i åra mellom. Dette gjer vi for å sikre at medarbeidarane våre held fram med å trivast hos oss.

Kor mange tilsette?

Vi er 396 tilsette i Statens pensjonskasse.

Du er kanskje òg interessert i ...

Sist oppdatert: 30.07.2012