Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Eg har vore medlem tidlegare

Dersom du har vore medlem i Statens pensjonskasse tidlegare, kan du ha opparbeidd deg rett til ein framtidig pensjon frå oss. Dette kallar vi ein oppsett pensjon.

For å ha rett til ein oppsett alderspensjon må du:

  • ha minst tre års samla opptening i Statens pensjonskasse og eventuelle andre offentlege tenestepensjonsordningar
  • søkje om alderspensjon frå folketrygda når du fyller 67 år

For å ha rett til ein oppsett uførepensjon må du ha:

  • slutta i stilling med rett til medlemskap etter 01.01.1967 eller seinare
  • minst tre års samla opptening i Statens pensjonskasse og eventuelle andre offentlege tenestepensjonsordningar
  • fått innvilga uførepensjon i folketrygda

Du har ikkje rett til oppsett uførepensjon i Statens pensjonskasse mens du får arbeidsavklaringspengar frå folketrygda.

Graden på den oppsette uførepensjonen hos oss, blir den same som du har i folketrygda.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 24.03.2011