Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Kurs i pensjonsordninga og pensjonsreforma

Vi held kurs i pensjonsreforma for deg som jobbar med HR. Gjennom kurset vert du oppdatert på pensjonsreforma og får vite kva for verktøy og hjelpemiddel du kan bruke. Du får òg vite korleis pensjonsreforma påverkar den tenestepensjonen de har i Statens pensjonskasse.

Dei nye reglane i pensjonsreforma aukar behovet for god informasjon. I 2012 har dei som er fødde i 1950 eller tidlegare, høve til å gå av med pensjon frå folketrygda. Det er òg opna for fleire moglegheiter til å kombinere jobb og pensjon. NAV sender ut informasjon til komande pensjonistar, og ekstra mange vil søkje informasjon i tida som kjem.

Har du behov for å verte oppdatert på det nye regelverket? Eller treng du tips og kunnskap om verktøy som finst, slik at du kan gje gode råd? La oss hjelpe til med å gjere prosessen lettare.

Program

  • Nytt regelverk – kor langt er vi komne i pensjonsreforma?
  • Praktiske døme – kva tyder det nye regelverket for dei tilsette hos deg?
  • NAV sender ut brev til komande pensjonistar om ny folketrygd. Kva for spørsmål kan du få om tenestepensjonen?
  • Kalkulatorar og andre hjelpemiddel – ein gjennomgang.
  • Lettare prosess med elektronisk pensjonering.

Praktisk informasjon

  • Pris: 1 500 kroner, inkludert lunsj, pausemat og materiell
  • Varigheit: 09.30 - 14.30, registrering frå kl. 09.00

Kursoversikt 2012

TidspunktStadKurshotell    
Påmeldingsfrist
2. februar Oslo Thon Hotel Opera
Avholdt
3. februar Tromsø Radisson Blu Hotel Tromsø Avholdt
29. mars Stavanger Radisson Blu Atlantiv
Avholdt
23. mai Trondheim Radisson Blu Royal Garden
Avholdt
24. mai Bergen Radisson Blu Hotel Norge Avholdt
19. oktober Oslo Thon Hotel Opera
12. oktober
25. oktober Bergen Radisson Blu Hotel Norge
18. oktober
26. oktober Trondheim Radisson Blu Royal Garden
19. oktober

Fleire kurs vert lagde ut etter kvart som dei vert klare.

Meld deg på kurs

 

Skreddarsydde kurs

I tillegg til kursa over kan vi arrangere eigne kurs for verksemda di. Kontakt oss for meir informasjon og prisoverslag.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 18.09.2012