Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Kurs i medlemskap og rapportering

På kurset i medlemskap og rapportering lærer du om vilkåra for å vere medlem, og korleis du held medlemsdataa ved like.

Vi arrangerer kurs for deg som arbeider med rapportering av løns- og stillingsdata eller har andre personalfunksjonar.

Innhald

På kurset får du ei grundig innføring i vilkåra for medlemskap i Statens pensjonskasse og ansvarsfordelinga mellom oss, de som arbeidsgjevar og medlemmene.

Vi tek òg opp emne som endringar i løns- og stillingsdata, pensjonsgjevande tillegg, tilsette på timelønn og tilsette som fungerer mellombels i ei stilling med høgare løn. Du lærer om søknadsprosedyrar, og saman går vi gjennom pensjonsmeldingsskjemaet.

Undervisninga vert lagt opp som ein kombinasjon av teoretisk informasjon og praktisk forståing. Du får òg sjansen til å dele erfaringar med andre som har pensjonsordning hos oss.

Kursoversikt 2012

DatoStad                                           Kurshotell/stadPåmeldingsfrist
7. februar Oslo Statens pensjonskasse -
17. april Oslo Statens pensjonskasse -
20. september Oslo Statens pensjonskasse 6. september
27. september Bergen Radisson Blu Hotel Norge 13. september
13. november Oslo Statens pensjonskasse 30. oktober

Praktisk informasjon og pris

Kurset varer frå kl. 0930 (kl. 0900 i Oslo) til kl. 16.00. Det kostar 1250 kroner å vere med på kurset. Dette inkluderer kursmateriell, lunsj og enkel servering på ettermiddagen.

Påmelding

Påmeldinga er bindande når påmeldingsfristen har gått ut, men du kan sende nokon andre om du ikkje har høve til å gå sjølv. Frist for påmelding er 14 dagar før kursdatoen.

Meld deg på kurs

 

Spesialtilpassa kurs

Dersom det er fleire hos dykk som ønskjer å vere med på kurset, kan vi komme til dykk og halde eit spesialtilpassa kurs. Dette gjeld først og fremst arbeidsgivarar som har spesielle utfordringar knytte til rapportering av løns- og stillingsdata.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 19.09.2012