Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Kva for tap blir dekte?

Erstatninga blir rekna ut etter to regelverk: lov om yrkesskadeforsikring og erstatning etter Hovudtariffavtalen i staten. Du har krav på erstatning etter det regelverket som gir deg høgast utbetaling.

Lov om yrkesskadeforsikring gjeld alle arbeidstakarar, mens det berre er statstilsette som kan få erstatning etter Hovudtariffavtalen i staten. Dette er ei tilleggsordning som i nokre tilfelle gir høgare erstatningssum.

På desse områda kan du få erstatning:

Utgifter

Medisinske utgifter som følgje av yrkesskaden skal i utgangspunktet bli dekte av NAV. Dette gjeld også eigendel ved legebesøk. Men i nokre tilfelle kan du få erstatning for utgifter som ikkje blir dekte av det offentlege.

Yrkesskadeforsikringa kan for eksempel dekkje advokathjelp og andre utgifter som du har som følgje av skaden, og som du kan dokumentere.

Tapt arbeidsforteneste

Du kan ha rett til erstatning for tapt inntekt i tida fram til oppgjerstidspunktet. Det gjeld for eksempel differansen mellom sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar og reell inntekt.

Tap av framtidig inntekt

Du kan ha rett til erstatning for framtidig inntekt som du går glipp av på grunn av skaden eller sjukdommen. Erstatninga blir rekna ut på bakgrunn av inntekta du hadde da skaden eller sjukdommen oppstod, graden av uførleik og alderen din.

Yrkesskadeforsikringsloven har ei føresegn som seier at erstatninga for tapt framtidig inntekt blir redusert med stigande alder. Jo eldre du er når skaden eller sjukdommen oppstår, jo lågare blir erstatningssummen.

Hovudtariffavtalen i staten, § 24, garanterer derimot ei minimumserstatning på 15 ganger  grunnbeløpet i folketrygda, Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 82 122 kroner per 01.05.2012. Meir om grunnbeløpet i folketrygda, lukk ofte kalla G, ved 100 prosent uførleik. Minimumsbeløpet blir berekna opp mot det samla beløpet du kan ha krav på etter yrkesskadeforsikringa, og du får utbetalt etter den ordninga som gir best resultat for deg.

Denne forskjellen mellom dei to regelverka kan særleg vere viktig for arbeidstakarar som blir skadde eller sjuke når dei er rundt 50 år og eldre.

Erstatning for varige mein

Begge regelverka opnar for meinerstatning ved minst 15 prosent varig medisinsk invaliditet.

Også NAV utbetaler meinerstatning, og utbetalinga frå Statens pensjonskasse kjem i tillegg til utbetalinga frå NAV.

Erstatning ved dødsfall

Ved dødsfall er erstatninga på inntil 15 G for ektefellen, sambuaren eller partnaren din, avhengig av alderen din når du døyr. Kvart barn får frå 6,5 G til 1 G, avhengig av alderen på barnet. Ved alle dødsfall blir det i tillegg betalt ut 0,5 G til dekning av utgifter ved dødsfallet.

Avgrensingar

Loven gjeld skadar og sjukdommar som er konstaterte etter 1. januar 1990. Loven gjeld ikkje oppreising for skade av ikkje-økonomisk art.

Ved grov aktløyse frå arbeidstakaren si side kan erstatninga bli sett ned eller falle heilt bort. Dette skal likevel ikkje innskrenke dei etterlatne sin rett til erstatning.

Lurar du på kva for yrkesskadeforsikring du har? Ta kontakt med arbeidsgivaren din.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 02.05.2011