Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Psykiske belastningsskadar

Teneste i internasjonale operasjonar er krevjande. For enkelte blir oppdraget aldri sluttført fordi psykiske traume følgjer dei lenge etter at dei deltok i feltoperasjonar. Dersom du meiner at du har fått varige psykiske belastingsskadar etter teneste i internasjonale operasjonar, kan du søkje om kompensasjon på inntil 35 G (rundt 2,65 millionar kroner).

Statens pensjonskasse har samarbeida med veteranorganisasjonane om ei rettleiingsbrosjyre.

Last ned rettleiinga

 

Det er enkelt å søkje

Vi har laga ei rettleiing for å gjere det enkelt å søkje. Ved å bruke rettleiinga hjelp du oss slik at vi kan handsame søknaden din raskare, og slik at vi kan fatte eit vedtak på best mogleg grunnlag.

Kontakt oss

Statens pensjonskasse handterer søknadene om kompensasjon og erstatning på vegner av Forsvarsdepartementet. Har du spørsmål om erstatningsordninga? Ta kontakt med forsikringsavdelinga vår på telefon 22 24 15 53.

Utgifter til spesialisterklæring

Vi dekkjer kostnader til spesialisterklæring, dersom erklæringa du har er for gammal eller ikkje tilstrekkeleg spesifisert.

Advokathjelp

Vi dekkjer også rimelege og nødvendige utgifter til advokat i samband med søknad eller anke, dersom du har behov for det.