Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Meir om forsikring i Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse administrerer gruppelivsordninga og yrkesskadeforsikringa på vegner av staten. Vi administrerer òg enkelte andre særordningar for statstilsette.

Dette betyr at Statens pensjonskasse har ei eiga forsikringsavdeling med elleve medarbeidarar. Forsikringsavdelinga har erstatningsrettsleg spisskompetanse og er ein del av juridisk seksjon.

Yrkesskadeforsikringa

Lov om yrkesskadeforsikring sikrar deg erstatning dersom du får ein yrkesskade eller yrkessjukdom. Familien din er også sikra erstatning dersom du skulle døy av skaden eller sjukdommen.

Dersom du kjem inn under Hovudtariffavtalen, har du ekstra rettar. Det gir deg blant anna:

  • betre erstatning ved nokre tilfelle av yrkesskade
  • yrkesskadedekning på reise mellom heimen din og oppdragsstaden
  • ulykkesdekning på tenestereise

Har du både yrkesskadeforsikring og er med i gruppelivsordninga, vil utbetalingane til ein viss grad bli samordna.

Meir om yrkesskadeforsikring

Andre ordningar

I tillegg handterer Statens pensjonskasse enkelte andre krav og særordningar, som:

  • eingongserstatning for vernepliktige
  • erstatning for psykiske belastningsskadar etter tenestegjering i internasjonale operasjonar
  • krav på erstatning etter bilansvarsloven for personskade som er valda av motorvognene til Politiet og Forsvaret

Eingongsutbetaling i tillegg til pensjon

Forsikringsbeløpet er ei eingongsutbetaling som kjem i tillegg til eventuell uførepensjon eller etterlatnepensjon – og i tillegg til utbetalingar frå NAV.

Lurer du på om du er forsikra?

Ta kontakt med arbeidsgivaren din for å sjekke om du er omfatta av forsikringsordningane i Statens pensjonskasse.

Gruppelivsordninga

Gruppelivsordninga gjeld tilsette som kjem inn under Hovudtariffavtalen i staten. Dette er ikkje ei forsikring, men ei garantiordning som inneber at dei etterlatne etter deg kan få utbetalt eit eingongsbeløp dersom du døyr.

Eingongsbeløpet blir utbetalt uavhengig av om dødsfallet skjer i teneste eller i fritida – og uavhengig av dødsårsak. Eingongsbeløpet kjem i tillegg til eventuelle pensjonsrettar.

Arbeidsgivarar som ikkje er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, kan velje om dei ønskjer å tilby denne gruppelivsordninga til sine tilsette.

Meir om gruppelivsordninga

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 02.05.2011