Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Gruppeliv

Ein del av lønnsvilkåra

Gruppelivsordninga er ein del av lønsvilkåra for alle som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten. Nokon ikkje-statlege verksemder har også valt å knyte seg til ordninga.

 

Gruppelivsordninga er til for dei nærmaste

Når du er inkludert i gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse, er dei etterlatne etter deg garanterte å få utbetalt eit eingongsbeløp om du døyr - uavhengig av dødsårsak.

Etterlatne treng ikkje å søkje

Arbeidsgjevaren til den avdøde er ansvarleg for å sende melding om dødsfallet til Statens pensjonskasse. Vi vil så sende eit brev til dei etterlatne og be om nødvendig dokumentasjon. Kort tid etter at vi har fått dokumentasjonen, overfører vi beløpet til ein avtalt konto.

 
Utbetalinga frå gruppelivsordninga kjem i tillegg til eventuell ektefelle- og barnepensjon.

Kontakt oss

Har du spørsmål om gruppelivsordninga? Kontakt oss på telefon 02775.