Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Erstatningsordning for vernepliktige

Statens pensjonskasse administrerer ordninga med eingongserstatning til vernepliktige på vegne av Forsvarsdepartementet.

Statens pensjonskasse tok over ansvaret for denne ordninga frå og med 1. juli 2005. Formålet med erstatningsordninga er å gi rask økonomisk hjelp utan komplisert saksbehandling til vernepliktige og anna personell som blir omfatta av forskrifta – og til dei etterlatne.

Kven er omfatta?

Eingongserstatning er ei standardisert erstatning som blir utbetalt til vernepliktige og enkelte andre som blir skadde eller er påførte ein sjukdom under førstegongstenesta.

Vilkår for erstatning

Det er eit vilkår for utbetaling at skaden eller sjukdommen resulterer i varig mein som kan uttrykkjast i ein medisinsk invaliditetsgrad.

Medisinsk invaliditetsgrad må fastsetjast av ein spesialist. Dersom medisinsk invaliditet ikkje er fastsett eller er lågare enn 15 prosent, skal Forsvarets sanitet fastsetje medisinsk invaliditet.

Storleiken på erstatninga

Storleiken på eingongserstatninga blir rekna ut frå den medisinske invaliditetsgraden skaden har ført til. Storleiken på erstatninga er også avhengig av om skaden har skjedd i eller utanfor tenesta.

Ved 100 prosent medisinsk invaliditet utgjer erstatninga 15 gonger  grunnbeløpet i folketrygda Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 82 122 kroner per 01.05.2012. Meir om grunnbeløpet i folketrygda lukk (G), dersom skaden har oppstått i tenesta og har samanheng med denne. Erstatninga blir redusert i forhold til graden av medisinsk invaliditet.

For skadar som har oppstått eller er påførte i tenesta, og som har samanheng med tenesta, blir det gitt eingongserstatning ned til 2 prosent medisinsk invaliditet.

For skadar som skjer i fritida, eller som ikkje har samanheng med tenesta, er maksimal erstatning 7,5 G. Eingongserstatning for skadar som oppstår utanfor tenesta, føreset ein medisinsk invaliditet på minst 15 prosent.

Også erstatning til etterlatne

Dersom du døyr som følgje av skade eller sjukdom som er påført deg under førstegongstenesta, har dei etterlatne etter deg krav på erstatning. Etterlatne vil seie barn, ektefelle, sambuar som er likestilt med ektefelle – eller annan vaksen person som for ein vesentleg del blei forsørgd av avdøde.

Dersom avdøde ikkje hadde forsørgjarbyrde, blir det utbetalt 4 G til foreldre eller personar som har stått i deira stad. Dersom avdøde ikkje har foreldre eller personar som har stått i deira stad, blir det utbetalt 2 G til dødsbuet.

Korleis søkjer du?

Du kan søkje om erstatning ved å sende brev til Statens pensjonskasse. I brevet må du leggje ved:

  • dokumentasjon på tenestegjering med opplysning om kvar, når og korleis skaden skjedde
  • kopi av trygdeetaten sitt vedtak om meinerstatning
  • dokumentasjon på medisinsk invaliditet fastsett av spesialist

Send søknaden til:

Statens pensjonskasse,
Juridisk seksjon - forsikringsavdelinga
Postboks 5364 Majorstuen

0304 OSLO

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 02.05.2011