Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Takst og verdivurdering

Som medlem hos oss kan du søke om inntil 1 700 000 kroner i bustadlån. Når du søker, må vi ha dokumentasjon som viser kva for verdi bustaden din har.

Vi treng takst frå takstmann eller verdivurdering frå eigedomsmeklar når du søkjer om bustadlån hos oss. Marknadsverdien i taksten eller verdivurderinga er verdigrunnlaget for tryggleiken vi tek i bustaden din.

Taksten eller verdivurderinga bør ikkje vere eldre enn to år på søknadstidspunktet. Dersom du har lån hos oss frå før og søkjer om nytt lån, og taksten eller verdivurderinga di er eldre enn to år, kan vi krevje ny verdidokumentasjon på bustaden din.

Takst

Taksten blir laga av ein takstmann og er meir detaljert enn ei verdivurdering.

Vi godkjenner ikkje førehandstakstar. Førehandstakstar er takstar der takstmannen gjer eit overslag for den framtidige verdien til bustaden, noko som for eksempel blir gjort når bustaden er under omfattande restaurering og der verdien vil auke monaleg når bustaden er ferdig utbetra.

Verdivurdering

Verdivurdering blir laga av eigedomsmeklar. Vi godkjenner berre verdivurderingar der eigedomsmeklaren har vore på synfaring i bustaden din.

Det er viktig at verdivurderinga har opplysningar om bustadens adresse og gards- og bruksnummer, eller namnet på burettslaget og partsnummeret på leilegheita.

Dersom du bur i eit burettslag, må du passe på at eigedomsmeklaren opplyser om marknadsverdien inkluderer fellesgjeld eller ikkje.

Vi godtek ikkje snittprisberekningar frå bustadbyggjelag.

Spesielle krav for landbrukseigedommar

Dersom eigedommen din er ein landbrukseigedom (konsesjonspliktig eigedom), har vi eigne krav til taksten. Vi krev da at du skaffar ein landbrukstakst frå ein takstmann som er godkjend for taksering av landbrukseigedommar.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011