Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Kva skjer når de har motteke søknaden?

Vi behandlar søknadene kronologisk etter den datoen vi har motteke dei.

Saksgangen er slik:

  1. Søknaden blir vurdert av ein kundebehandlar. Tilbod om, eller avslag på, bustadlån blir sendt per post.
  2. Du skriv under lånedokumenta og sender dei tilbake til oss med dokumentasjonen vi ber om i tilbodsbrevet ditt.
  3. Vi sjekkar dokumentasjonen du sender mot opplysningane i den elektroniske søknaden din. Når vi har motteke alt vi har bede om, sender vi pantedokumentet til Statens kartverk for tinglysing. Det tek frå éi til to veker før pantedokumentet er tinglyst og vi får det i retur frå Statens kartverk.
  4. Lånet ditt blir da utbetalt etter opplysningar frå utbetalingsfullmakta di. Vi sender deg ein ny og rett nedbetalingsplan når vi har utbetalt lånet ditt.
  5. Første termin på lånet er avhengig av om det er valt månadlege, kvartalsvise eller halvårlege forfall. Alle terminforfalla er den 15. i månaden.

Søk bustadlån

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011