Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Kva for tryggleik krev de?

Vi bereknar tryggleiken for låna våre ut frå marknadsverdien. Tryggleiken for bustadlånet må vere inntil 80 prosent av marknadsverdien.

Som dokumentasjon på marknadsverdi godtek vi takst eller verdivurdering frå eigedomsmeklar.

Vi krev ikkje 1. prioritet

Du kan ha delar av lånet ditt i Statens pensjonskasse og samtidig behalde resten av lånet i banken. Vi må ikkje ha 1. prioritets pant dersom lånet hos oss og i banken til saman kjem innanfor 80 prosent av marknadsverdien.

Unntak:

Ved kjøp av bustad til fastpris og bustad under oppføring må vi ha 1. prioritets pant (eventuelt sidestilt tryggleik).

Lågaste verdi av takst/verdivurdering og av kjøpesum vil bli brukt som berekningsgrunnlag.

Vi gir ikkje lån utover 80 prosent av marknadsverdien. Vi tilbyr altså ikkje 100 prosent finansiering ved kjøp av bustad.

Burettslagsbustad med fellesgjeld

Fellesgjelda blir lagt til den oppgitte marknadsverdien før vi bereknar tryggleik inntil 80 prosent.

Landbrukseigedom (konsesjonspliktig)

Tryggleiken for bustadlånet må vere inntil 60 prosent av marknadsverdien. Vi bereknar tryggleiken ut frå den marknadsverdien som er ført opp i landbrukstakst frå godkjend takstmann.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011