Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Korleis betaler eg lånet mitt?

Du kan gjere avtale om eFaktura eller Avtalegiro ved innbetaling av lånet. Giro for terminen blir sendt ca. 2–3 veker før forfallsdatoen.

Forfallsdatoen er fast den 15. i månaden. Det er ikkje høve til å endre forfallsdatoen.

Nedbetalingstid

Maksimal nedbetalingstid er 30 år. Av desse kan inntil 5 år vere avdragsfrie.

Ekstraordinære nedbetalingar

Innbetalinga må merkast med «ekstraordinær nedbetaling på lån nr XXXXXX». Ved ekstraordinære innbetalingar skal det ikkje nyttast KID-nummer. Kontonummeret ved nedbetaling av bustadlån er 7694 05 19000.

Ved ekstraordinær nedbetaling vil nedbetalingstida automatisk bli redusert. Ønskjer du å oppretthalde nedbetalingstida, må du sende ei skriftleg melding, gjerne i ein e-post.

Det er ingen gebyr for ekstraordinær nedbetaling på lånet.

Innfri lånet

Dersom du skal selje bustaden din, vil meklaren ta kontakt med oss og sørgje for å innfri lånet ditt.

Skal du selje utan hjelp av meklar eller vil innfri lånet ditt av andre grunnar, må du sjølv ta kontakt med oss for å få vite det rette beløpet du skal innfri.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011