Hopp direkte til innhald

Hopp direkte til Søk

Slik refinansierer du

Dersom du har lån i ein annan bank, kan du flytte det til oss. Dei siste fire åra har renta vår vore i gjennomsnitt om lag eitt prosentpoeng lågare enn utlånsrenta hos bankane. Du kan låne inntil 1 700 000 kroner, og vi treng ikkje førsteprioritet.

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer lånetilbodet du får tilsendt og returner det til oss saman med dokumentasjonen vi ber deg om.

Når vi har tinglyst pantedokumentet, blir lånet formelt flytt over til oss. Deretter får du tilsendt nedbetalingsplanen.

Når du søkjer, blir søknaden vurdert av ein kundebehandlar hos oss. Eit eventuelt lånetilbod blir sendt i posten.

Samle lånet hos oss

Dersom du har lån hos oss og i ein annan bank og ønskjer å refinansiere slik at du får alt lån samla hos oss, kan du det. Slik gjer du:

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer lånetilbodet du får tilsendt og returner det til oss saman med dokumentasjonen vi ber deg om. Det kan hende at vi ber om same informasjon som vi gjorde sist du fekk lån. Årsaka til at vi spør på nytt, er at takst/verdivurdering, likning og lønnsslipp kan vere utdaterte.

Når du søkjer, vurderer ein kundebehandlar søknaden, og vi sender deg eit eventuelt lånetilbod per post.

Lånet ditt blir utbetalt direkte til annan långivar, og du får tilsendt nedbetalingsplan når lånet er utbetalt.

Skal du pusse opp?

Du kan søkje om lån til oppussing og rehabilitering av bustaden din. I tillegg kan du søkje om lån til blant anna å byggje garasje og anneks, til å opparbeide tomt og til varmepumpe. Slik søkjer du:

  • Fyll ut den elektroniske lånesøknaden vår.
  • Signer lånetilbodet du får tilsendt og returner det til oss saman med dokumentasjonen vi ber deg om.

Vi sender deg lånetilbod per post.

Du kan søkje om lån til refinansiering og oppussing i den same søknaden.

Søk refinansiering

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne på telefon

02775

eller bruk kontaktskjemaet vårt. Du kan òg logge inn på Min medlemskap.

Sist oppdatert: 14.04.2011